Nye statlege sosialhjelpssatsar

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har fastsett rettleiande statlege sosialhjelpssatsar frå 1. januar 2022. Departementet har auka satsane med 1,3 prosent, i tråd med berekna vekst i konsumprisane i nasjonalbudsjettet for komande år.

Publisert 30.12.2021

Kommunane bestemmer sjølve om dei vil følgje statens satsar eller om dei vil ha eigne kommunale satsar. 

Kommune-stat-rapportering (Kostra) er eit nasjonalt informasjonssystem som syner kommunal og fylkeskommunal verksemd. Kostra-tala ligg på nettsidene til Statistisk sentralbyrå, og syner at kva kommunar som følgjer statens satsar og kven som har høgare eller lågare satsar.

Dei nye statlege satsane per månad er:

Einslege

6 550

Ektepar/sambuarar

10 950

Person i bufellesskap

5 450

Barn 0-5 år

3 200

Barn 6-10 år

3 300

Barn 11-17 år

4 300

 

I tillegg kjem stønad til husleige, straum og oppvarming, bustad- og innbuforsikring og inventar og utstyr.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.