Er du skilt i utlandet og skal gifte deg på nytt i Noreg?
Da er det viktig at du søker om å få skilsmissepapira dine godkjende i god tid før du skal inngå nytt ekteskap i Noreg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Om du er skilt i eit land utanfor Norden og ønsker å gifte deg på nytt i Noreg, må dei utanlandske skilsmissepapira dine godkjennast av Statsforvaltaren i fylket der du bur.
I samband med nytt ekteskap må du be om prøvingsattest frå Skatteetaten. Skatteetaten ber deg om å leggje fram godkjenningsvedtak på at skilsmissepapira dine er gyldige i Noreg. Dette er dokumentasjon som du får ved å søkje statsforvaltaren om godkjenning av utanlandsk skilsmisse.
Her kan du lese meir om korleis du sender søknaden til oss.
Originale og omsette papir
Du må sende Statsforvaltaren dei originale skilsmissepapira dine saman med søknaden. Desse vil du få tilbake så snart søknaden er ferdig behandla.
Ta kontakt!
Statsforvaltaren har oversikt over kva reglar som gjeld for dei ulike landa skilsmissepapira kjem frå. Vi kan opplyse deg om kven du skal ta kontakte og kva som er krava for å få gyldige papir.
Hugs å vere ute i god tid!
Kontaktpersonar
-
Tove Røberg
Tlf: 71 25 84 45 / 95 25 03 53 -
Anita Ødegård Lillås
Tlf: 71 25 85 21 -
Grete Eidsæter
Tlf: 71 25 84 98