Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis

Oppdatert 08.04.2024

Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis er eit av fleire tiltak som skal bidra til at barn og unge får den hjelpa de treng når dei treng det, anten dei går i barnehage, grunnskule eller vidaregåande skule. 

Satsinga på auka kompetanse i barnehagar, skular og dei lokale støttetenestene skal bidra til at den spesialpedagogiske hjelpa er tett på barna som har behov for det. Samtidig skal oppgåvene til Statped – den statlege spesialpedagogiske støttetenesta – bli tydelegare og meir spissa for barn med varige og omfattande behov.

Om Kompetanseløftet

Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis er ei oppfølging av Meld. St.  6 Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO.

Målet med ordninga er at alle kommunar, fylkeskommunar, barnehage- og skuleeigarar skal ha tilstrekkeleg kompetanse tett på barna og elevane for å kunne førebyggje, fange opp og gi eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle, inkludert barn og elevar med behov for særskilt tilrettelegging.

Oppbygging av Kompetanseløftet

Kompetanseløftet blir bygd opp steg for steg i perioden fram til 2025. Etter det skal det vere ei permanent ordning. I løpet av 2025 skal alle kommunar og fylkeskommunar ha tilstrekkeleg kompetanse på dei vanlegaste utfordringsområda og god inkluderande praksis. Frå 2025 skal Kompetanseløftet bidra til å vedlikehalde og vidareutvikle kompetansen i kommunar, fylkeskommunar og hos private eigarar.

Tilskotsordning

Regjeringa prioriterer kompetanseutvikling i barnehagar, skular og dei lokale støttetenestene.

Det er den enkelte kommune som melder behov for kompetanseutvikling til Statsforvaltaren. For å kunne melde behov i Kompetanseløftet skal helst barnehage, skule og PPT alle vere ein del av det planlagde kompetansetiltaket. Kommunen er ansvarleg for at også private barnehagar og skular blir inkludert i tiltaket.

Det er samarbeidsforum i fylka som behandlar bevhovsmeldingane og avgjer kva utviklingstiltak som skal få midlar. Samarbeidsforum skal inkludere representantar frå offentlege og private barnehage- og skuleeigarar, kommunar som lokal barnehagemynde, universitet og høgskular med geografisk tilknyting til regionen, KS og lærarorganisasjonane. Samarbeidsforum kan også invitere andre aktørar til å vere med i samarbeidsforum. Statsforvaltaren har sekretariatsansvar for samarbeidsforumet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.