Lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring

Frå 2021 blir det innført ei ny tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring. Tilskotsordninga gir barnehage- og skuleeigarar høve til å vurdere og planlegge kompetanseutvikling ut frå eigne behov.

Denne ordninga er ei støtte til kollektiv kompetanseutvikling. Ordninga gir barnehage- og skuleeigarar, i samarbeid med universitet og høgskular, høve til å utvikle kompetansen i sine eigne barnehagar og skular.

Det er samarbeidsforum i fylka som prioriterer kva tiltak dei vil satse på og fordeler midlane ut frå lokale behov. Samarbeidsforum skal inkludere representantar for offentlege og private barnehage- og skuleeigarar, kommunar som lokal barnehagemynde, universitet og høgskular med geografisk tilknyting til regionen, KS og lærarorganisasjonane. Samarbeidsforum kan også invitere andre aktørar til å vere med i samarbeidsforum. Statsforvaltaren har sekretariatsansvar for samarbeidsforumet.

Målgruppe for kompetansetiltaka

Tilsette i barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular og laget rundt barnet, som til dømes PPT er målgrupper for tiltaka i lokal ordning for kompetanseutvikling.

Melde kompetansebehov

Det er barnehage- og skuleeigarane som analyserer og deretter melder behov for kompetanseutvikling til Statsforvaltaren. Eit nettverk av eigarar kan velje å gå saman om å melde behov for kompetanseutvikling.

Tilskotsordning

Statsforvaltaren forvaltar dei statlege tilskota til ordninga. 

Tilskotsordninga omfattar:

  • Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage
  • Desentralisert ordning for grunnskular og vidaregåande skular
  • Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande fellesskap i barnehage, skule og SFO

Den statlege tilskotsordninga bidreg til å støtte opp om barnehage- og skuleeigars ansvar for å arbeide med kompetanse- og kvalitetsutvikling i fellesskap og i eigne verksemder.