Motsegn og faglege merknadar til ny høyring av kommuneplanen sin arealdel for Gol

Gol kommune har gjort mange gode justeringar i forslaget til ny arealdel av kommuneplanen. Ut frå nasjonale og vesentlege regionale interesser innan våre ansvarsområde, har vi likevel motsegn til nokre konkrete byggeområde og ei føresegn i det nye planforslaget.

Publisert 09.02.2024

Fleire av motsegnene vi fremma i 2021 anses som løyst. Motsegnene vi fremma ved 1. gongs høyringa var i hovudsak relatert til utilstrekkeleg ivaretaking av nasjonale og vesentlege regionale omsyn knytt til samfunnstryggleik, naturmangfald, myr, landskap og landbruksinteresser. Kommunen har difor gjort endringar i mellom anna risiko- og sårbarheitsanalysen, konsekvensutgreiinga, plankartet og føresegnene. I tillegg er det foreslått nokon heilt nye byggeområde.

I det nye planforslaget finn vi likevel grunn til å fremme motsegn til følgjande foreslåtte byggeområde og føresegn:

  • 3.13 Nystølfjellet – FB-1
  • 4.4 Kamben – FB-28
  • 4.5 Kamben – FB-29
  • 4.10 Bualie midt – FB-24
  • 4.12 Bualie nord – FB-20
  • 4.14 Guriset – NÆ-2
  • 4.15 Guriset – FB-10
  • 4.18 Oset høyfjellshotell – KBA-9
  • 4.19 Oset/Tisleia – FB-30
  • 5.3, 5.4 og 5.7 Auenhauglie og 5.8 Golsfjellet fjellstue - FB-25
  • 5.13 Lauvset ved Sagbråten seter - FB-19
  • 6.1 Nystølsameiga – FB-15
  • Føresegn 2.6 a), c) og d)

Motsegnene har bakgrunn i nasjonale og vesentlege regionale interesser knytt til naturmangfald, myr, landskap, landbruk og stølsdrift.

Du kan lese heile vår høyringsuttale her.