Motsegn og faglege merknader til kommuneplanen sin arealdel i Ål

Vi meiner Ål kommune har gjennomført eit omfattande og godt arbeid med arealdelen kor dei nye arealinnspela er framstilt og greia ut på ei oversiktleg måte. Ut frå nasjonale og viktige regionale interesser har vi likevel nokre motsegn til konkrete arealinnspel og føresegn som råker ved våre ansvarsområde.

Publisert 14.06.2023

Det er spesielt omsynet til dyrka mark og areal med myr som er grunnlag for motsegna. Dette gjeld i alt 11 arealinnspel. Vi har også motsegn til føresegna til arealdelen ut frå manglande plankrav, byggeforbod langs vassdrag, opning for nye hytter innafor LSF B-områda som ikkje er greia ut i tilstrekkeleg grad og opning for utviding av hytter innafor særlege viktige områder på høgfjellet, mellom anna villreinområdet på Nordfjella.

Du kan lese heile høyringsbrevet her.