Tilsyn med Ål kommune på barnehageområdet

Vi har ført tilsyn med Ål kommune. Temaet for tilsynet er ansvaret til kommunen som barnehagemyndigheit. Det overordna formålet med tilsynet er å kontrollera om kommunen oppfyller krava i regelverket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.04.2023

Tilsynet har som formål å kontrollere om barnehagemyndigheita oppfyller krava i regelverket når det gjeld å sjå til at barnehagane blir drivne i samsvar med gjeldande regelverk, og då med spesielt fokus på risikovurderingane til barnehagemyndigheita som utgangspunkt for val av verkemidla tilsyn og rettleiing.

I tilsynet har vi vurdert at barnehagemyndigheita har tilstrekkeleg informasjon og kunnskap om korleis alle barnehageeigarane oppfyller pliktene sine etter barnehagelova. Vi kan likevel ikkje sjå av dokumentasjonen at barnehagemyndigheita har oversikt over alle eigarpliktene i barnehagelova.

Vi har også vurdert at barnehagemyndigheita ikkje har sannsynleggjort korleis ho bruker kunnskapen ho har om barnehagane til å gjera risikovurderingar for å vurdera behovet for rettleiing og tilsyn. Av den grunn finn vi det heller ikkje sannsynleggjort at risikovurderingane er baserte på oppdatert og gjeldande forståing av barnehagelova eller om barnehagemyndigheita gjennomfører rettleiing og tilsyn i tråd med sine risikovurderingar.

I tilsynsrapporten kan du lesa om kva rutinar og praksisar Ål kommune har på dette temaet og kva regelverksbrot dei må retta. Du finn tilsynsrapporten til høgre i denne nyheitssaka.

Du finn alle tilsynsrapportane våre i tilsynskalenderen på Statsforvaltarens nettside.