Digitaliserer tenestene rundt eit dødsfall

Digital gravferdsmelding skal gjere det enklare å ta praktiske val i samband med ei gravferd. Tenesta erstattar ikkje eventuell kontakt med trus- og livssynssamfunn og gravferdsbyrå, men kan gjere deg meir sjølvhjelpen og koplar dessutan saman aktørar som har ei rolle når nokon døyr. 

Publisert 12.02.2024

Våren 2024 skal den første versjonen av digital gravferdsmelding prøvast ut i alle Vestfold-kommunane (Færder, Holmestrand, Horten, Larvik, Sandefjord og Tønsberg) og Bærum. Den første versjonen blir først og fremst til hjelp for personen som tek på seg ansvaret for gravferda. I den digitale løysinga kan du til dømes bestille gravlegging eller kremasjon. I dag er dette val du må gjere i eit papirskjema. Framtidige versjonar får fleire funksjonar, og tenesta skal etter kvart rullast ut i heile landet. 

Samanhengande tenester

Digital gravferdsmelding er eit delprosjekt med bakgrunn i regjeringas digitaliseringsstrategi, som mellom anna legg opp til å utvikle samanhengande og tenester innan sju utvalde livshendingar. Målet er at innbyggjarar, næringsliv og frivillige organisasjonar skal oppleve samanheng i tenestetilbodet uavhengig av kva offentlege etatar som står bak. Ei av desse livshendingane er dødsfall og arv. Digital gravferdsmelding og oppgjer etter arv er begge digitaliseringsprosjekt i denne samanhengen.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er prosjekteigar

Digital gravferdsmelding blir ei nasjonal løysing som snakkar saman med lokal gravplassmyndigheit via saksbehandlingsløysingar og fagprogram. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, som er regional gravplassmyndigheit for heile landet, leiar utviklinga av digital gravferdsmelding. Representantar frå lokale gravplassmyndigheiter, kommunar, gravferdsbyråbransjen, trus- og livssynssamfunn og Digitaliseringsdirektoratet er med i referansegruppa. Barne- og familiedepartementet er oppdragsgjevar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.