Nye inntektsgrenser for fri rettshjelp

Frå nyttår blir inntektsgrensa for einslege heva til 320 000 kroner. Inntektsgrensa for ektefellar og sambuarar blir 490 000 kroner.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.12.2021

I nokre typar saker kan du få økonomisk støtte til juridisk rådgiving eller støtte til å føre ei rettssak for domstolane. For å få fri rettshjelp må du ha ei inntekt som ligg under inntektsgrensene i rettshjelplova. Frå nyttår blir  inntektsgrensene endra. 

  • Inntektsgrensa for einslege blir 320 000 kroner.
  • Inntektsgrensa for ektefellar og sambuarar blir 490 000 kroner.

I bestemte sakstypar får du fri rettshjelp uavhengig av kva du har i inntekt og formue. 

Samstundes med at inntektsgrensa går opp, aukar den offentlege salærsatsen frå 1085 til 1121 kroner frå 1. januar 2022.

Les meir om fri rettshjelp på denne sida. 

Bruk gjerne rettshjelpskalkulatoren vår for å finne ut om du kan ha rett på fri rettshjelp. Merk at dei nye satsane gjeld frå 1. januar. Ta kontakt med Statsforvaltaren eller ein advokat dersom du treng fri retthjelp. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.