Hugs ferdselsforbodet i sjøfuglreservata

Sjøfuglane har begynt årets hekkesesong. I denne sårbare perioden er det viktig at fuglane ikkje blir forstyrra, og derfor er det ferdselsforbod i sjøfuglreservata.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.05.2016

Gråmåseunge.

Fordi ferdselsforbodet skal gi sjøfuglane fred i hekketida, gjeld det både på land og på sjøen.

Det er ikkje er lov å gå på land i sjøfuglreservata, og heller ikkje å ferdast i båt innanfor ein avstand på 50 meter frå øyer, holmar og skjer innanfor reservatgrensene. I nokre av dei største sjøfuglreservata er denne avstanden redusert til 10 meter. For yrkesfiske og tilsyn med beitedyr gjeld eigne reglar.

På grunn av ein langvarig situasjon med lite næring i havet, har sjøfuglbestandane i fleire år vore sterkt reduserte. Artar som havhest, krykkje, fiskemåse, hettemåse, makrellterne, tyvjo, teist, lomvi, alke og lunde har etter kvart hamna på den norske raudlista over truga og sårbare artar.

Raudnebbterna har enno ikkje hamna på raudlista. Den hekkar no i små tal i Sogn og Fjordane, etter å ha vore vekke i fleire år.

Kvifor ferdselsforbod?
Nest etter næringsmangel er forstyrringar ein stor negative faktor for sjøfuglane. I ein sjøfuglkoloni er egg og ungar kontinuerleg under oppsyn av ein av foreldra, som jobbar på skift med ruging og matleiting. Dette skuldast at egg og ungar er svært utsette for ver og vind, og ikkje toler å ligge uskjerma for verken høge eller låge temperaturar. Det vil derfor raskt gå galt dersom foreldra blir skremte vekk frå reiret. I tillegg kjem at egg og ungar er hjelpelause bytte for stormåsar, ramn og kråke når dei blir liggande åleine.

For at sjøfuglbestandane skal klare å bygge seg opp igjen, er det derfor avgjerande viktig at dei får fred på hekkeplassane. Eitt enkelt besøk kan i verste fall spolere heile årsproduksjonen på ein hekkeplass.

Gjer deg kjent med kvar sjøfuglreservata finst!
Vi oppfordrar alle som ferdast på sjøen til å gjere seg kjent med kvar verneområda finst, og å ta omsyn til ferdselsreglane. Verneområda er merkte med skilt, og er dessutan avgrensa med grøn strek på båtsportkart og kartmaskiner/GPS.

Ikkje alle sjøfuglar hekkar i verna område, så ta omsyn til fuglelivet også på andre øyer og holmar i hekketida!

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.