Regulering av kunstgrasbaner med gummigranulat

Frå 1. juli 2021 er det strengare krav til fysiske barrierar rundt kunstgrasbaner og krav om forsvarleg handtering av snø som inneheld granulat.

Publisert 02.07.2021

Gummigranulat frå kunstgrasbaner er rekna for å vere den nest største landbaserte kjelda til mikroplast i Noreg.

Kunstgrasbaner består av syntetiske grasmatter som blir tilsett gummigranulat. Omtrent seks prosent av gummigranulatet hamnar utanfor banene kvart år. Det er rekna ut at gummigranulat, kunstgras og anna fallunderlag fører til eit årleg utslepp av mikroplast på omtrent 6000 tonn.

Forskrifta er viktig for å redusere utslepp av mikroplast, og gjeld for alle idrettsbaner med plasthaldig laust fyllmateriale som gummigranulat. Føremålet med forskrifta er å hindre utslepp og spreiing av mikroplast.

Les meir om saka på heimesida til Miljødirektoratet.