Nytt namn
Viken fylke vart oppløyst frå nyttår, og frå i dag heiter landets største embete Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dei gamle fylka Akershus, Buskerud, Østfold, Vestfold, Telemark, Troms og Finnmark gjenoppstod frå 1. januar 2024. Regjeringa bestemte at det ikkje skulle gjerast endringar i dagens statsforvaltarstruktur. Frå 1. januar 2024 var det dermed 15 fylke og ti statsforvaltarar i Noreg.
Sidan storfylket Viken ikkje lenger eksisterer, har landets største statsforvaltarembete fått nytt namn. Namneendringa gjeld frå i dag, og er bestemt av regjeringa. Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus har kontorstader i Moss, Drammen og Oslo. Sidan hovudkontoret ligg i Moss, er det Østfold som kjem først i det nye namnet.