Landsomfattande tilsyn 2024

Kvart år fører alle statsforvaltarane nasjonale tilsyn der temaet er likt for alle embeta. Føremålet er å avdekkje svikt og å bidra til betre tenester. Her kan du lese kva vi skal føre tilsyn med innan helse og sosial dette året.

Publisert 25.01.2024

Dei nasjonale tilsyna går over eitt eller to år, og fører som regel til nasjonal merksemd om området.

Statens helsetilsyn og statsforvaltarane samarbeider om dei nasjonale tilsyna, og aktiviteten i 2024 er denne:

Bruk av medisindispenser hos heimebuande eldre

Får eldre som bur heime forsvarleg utdeling og administrering av legemiddel ved bruk av medisindispenser? Medisindispenser, eller elektronisk medisineringsstøtte for administrering av legemiddel, er ein type velferdsteknologi til heimebuande eldre. Rundt 7 500 personar brukte medisindispenser i 2022, og 82 prosent av desse var eldre. 

Statsforvaltaren skal undersøke korleis kommunane legg til rette for og følger opp denne helsehjelpa. Risikoanalysar gjort av Helsetilsynet har tidlegare avdekt at aukande bruk av velferdsteknologi i heimane til pasientane inneber fare for svikt.

Sjølvmordsførebygging i spesialisthelsetenesta

Tilsynet skal undersøkje om psykisk helsevern for vaksne sørgjer for gode og trygge tenester til pasientar med depresjon. Vi skal sjå på kritiske trinn i behandlingsforløpet for pasientar som er innlagde i døgnavdeling med depresjon som hovuddiagnose. Målet er å bidra til sjølvmordsførebygging hos pasientar som blir skrivne ut med sjølvmordsrisiko.

Folkehelsearbeidet til kommunen for å fremje god psykisk helse hos barn og unge

Vi skal undersøkje om kommunen har oversikt over helsetilstanden til barn og unge og faktorar i oppvekst- og levekårsforhold som påverkar den psykiske helsa deira. Vidare skal tilsynet undersøke om kommunen bruker denne kunnskapen i planarbeidet sitt og om dette blir følgt opp med relevante tiltak. Alle kommunar i landet blir bedne om å svare på eit spørjeskjema. På bakgrunn av dette blir nokre kommunar valde ut til grundigare intervju.

Ansvaret til Nav-kontoret for å tilby tenesta økonomisk rådgiving til personar som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon

Auka mat- og straumprisar og høg rente påverkar den økonomiske situasjonen for mange. Dei med låg inntekt og vanskelege levekår og andre utsette grupper blir ramma hardast. Vi skal undersøkje om Nav-kontora tilbyr økonomisk rådgiving til personar som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Bakgrunnen for tilsynet er Helsetilsynet si risikovurdering av sosiale tenester i Nav.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.