Sjekk kartet før du plukkar ramsløk!

Skogbotn med ramsløk.
Skogbotn med ramsløk. Foto: John Yngvar Larsson, NIBIO.

Sesongen for plukking av ramsløk er i gang. Men viss du plukkar i eit verneområde, kan det vere forbode.

Publisert 02.05.2023

Pesto-trend gir slitasje

Dei seinare åra har det vorte ein trend å bruke ramsløk til å lage pesto, og mange plukkar store mengder som hamnar på kjøkkenbenken. I fleire verneområde på Austlandet blir det meldt om slitasje på bestanden av ramsløk. På Vestlandet, Sørvestlandet og Sørlandet er det rikeleg av ramsløken. Ramsløk har liknande innhaldsstoff som kvitløk, og blir då også kalla Nordens kvitløk. 

Uansett må du sjå etter om området er freda før du plukkar ramsløk. Står det fredningsskilt, er det forbode å plukke ramsløk som alle andre plantar og tre i fredningsområdet. Du må også respektere innmark, og spesielt mark rundt hus. Nokon kan ha planta ramsløken, og denne kan du ikkje plukke. 

Sjekk kartet før du plukkar

Artsdatabanken har kart over registrerte forkomstar. Samtidig kan du sjå kvar det er verneområde, slik at du ikkje plukkar uloveleg.

Sjekk kartet over ramsløk på Artsdatabanken.no

Sjølv i ei rik li med ramsløk på Vestlandet, er det nokre reglar du bør følgje: 

  • Lat det alltid stå att nokre plantar. 
  • Ikkje dra opp plantane med løk og rot. Det er blada som smakar. 
  • Er det andre som alt har plukka der, finn ein annan stad. 
  • Ikkje plukk meir enn du treng. 
  • Trø forsiktig, ramsløk veks ofte i slitesvak skogbotn. 
  • Lær deg å sjå skilnad på ramsløk og liljekonvall. Sistnemnde er giftig. 

Dette er utdrag frå ramsløkvettreglane utarbeidde av botanikaren Klaus Høiland.

I tidlegare tider vart det rekna som uheldig å ha ramsløk i beiteområde fordi det kunne gje løksmak på mjølka. Blada kan minne om blada på liljekonvall, men løklukt er eit teikn på at dette er ramsløk. Dei stjerneforma kvite blomane er samla i ein stor, rund skjerm i toppen av ein trekanta stengel. Plantane blir om lag 30 cm høge, og blomstrar i mai – juni. Seinare på sommaren visnar plantane ned og kan vere vanskelege å finne. Blada bør brukast før planten går i blomst. 

Nærbilde av ramsløk i blomst.
Nærbilde av ramsløk i blomst. Foto: John Yngvar Larsson, NIBIO.

Plant ramsløk i eigen hage

Hugs at du og kan plante ramsløk i eigen hage. Hagesentra har frø og plantar for sal, og dei kan og gje gode råd.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.