Kva gjer eg om eg finn eit skadd eller daudt dyr…?

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Når du er på tur i skog og fjell, kan du komme over husdyr som er skadde eller daude. Her kan du lese om kva du skal gjere. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.07.2022

Utmarksbeite er ein viktig del av fôrgrunnlaget i norsk jordbruk. I 2021 fekk dyreeigarar produksjonstilskot for 1,9 millionar sauer, 258 000 storfe, 58 000 geiter og 8 000 hestar, som alle fekk meir enn fem veker i utmark. I tillegg kjem 250 000 tamrein som beitar ute heile året. 

Dyreeigarar har krav etter dyrevelferdslova å ha tilsyn med dyr på utmarksbeite minst ein gong per veke. Dei fleste har tilsyn oftare. I område der det er rovviltproblematikk eller eit sjukdomsutbrot, er bøndene ute på tilsyn med mange folk kvar dag. Likevel kan det vere vanskeleg å finne skadde eller daude dyr som har gøymd seg i naturen.

Årsaker til at dyr vert skadde eller døyr i naturen

Fleire farar lurer i utmarka på beitedyra. Naturen er vill, og nokre beitedyr set seg fast på fjellhyller, trør feil og fell ned, eller fell i elv med stor vassføring. Naturen byr også på sjukdommar som alveld, infeksjonar og flåttborne sjukdommar. Rovdyr som gaupe og jerv kan ta beitedyr, og av og til kan også ulv og bjørn gjere skade. 

Det er viktig for bonden å raskt finne skadde eller daude dyr, slik at ein kan finne årsaka. Bonden kan då sette inn tiltak slik at ikkje andre dyr blir skadd. Å finne skadde dyr eller daude dyr i naturen er ikkje lett, men no er det mange folk på tur i naturen som kan hjelpe bonden ved å gje beskjed når dei finn noko.

Kva gjer du?

Om du er på tur i skog eller fjell og kommer over eit skadd eller daudt dyr – kva gjer du?

  • Merk funnstaden, gjerne med plastpose i tre eller liknande så det er lett å finne.
  • Er dyret skadd – kontakt eigar eller kommunen raskast mogleg.
  • Er dyret daudt – la kadaveret ligge mest mogleg urørt, men dekk det til slik at ikkje åtseletarar kjem til.
  • Fotografer kadaveret om mogleg frå ulike vinklar. Hugs å få med øyremerke, om det er mogleg. 
  • Noter kartreferanse og/eller GPS-punkt.
  • Mistenker du at rovdyr har drepe beitedyret kan du melde frå til næraste rovviltkontakt (eller bonde/kommune) snarast mogleg – bevis forsvinner fort!

Kontaktinfo til dyreeigar og øyremerke

Beitelag har gjerne sett opp plakatar ved inngangen til turområde der det går beitedyr. På plakatane står det kontaktinfo du kan bruke om du finn skadde eller daude dyr. Du må også gjerne gje beskjed om du observerer andre ting du vil gjere dyreeigar oppmerksam på – som laushundar, halte dyr, manglande lam hos søyer eller liknande. På nokre av plakatane står det fargekodane på bjølleflagga (ein farga plastbit frampå bjølla til søya), som seier kor mange lam ein søye skal ha med seg. Det kan også stå fargekodar for øyremerka i område der ulike dyreeigarar har ulike fargar på øyremerkene.

Øyremerket er identitetspapira til beitedyret. På det står det individnummer og eigar. Det kan stå namn på eigar og eigar sitt telefonnummer, men det kan også berre stå dyrehaldet sitt identitetsnummer. Viss ein ikkje finner eigar sitt namn og nummer direkte, anten frå øyremerket eller plakat i beiteområdet, kan kommunen hjelpe til med å finne eigar gjennom dyrehaldet sitt identitetsnummer på øyremerket. Om du ikkje finn noko kontaktinfo til eigar, kontakt ein bonde du veit om i området så får du sikkert hjelp med å finne kontaktinfo til beitedyreigaren.

Bandtvang på hund

Hugs generell bandtvang på hund frå 1.april-20.august. Mange kommunar har i tillegg utvida bandtvangsperiode.

God tur!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.