Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Motorferdsel

Oppdatert 01.01.2021

Køyring med motorisert køyretøy i utmark blir regulert av motorferdsellova med tilhøyrande forskrifter. Det er kommunane som handhevar lova på dette området. Statsforvaltaren gir rettleiing til kommunane og er klageinstans for kommunale vedtak.

Formålet med motorferdsellova er å verne om naturmiljøet og sikre rekreasjonsverdiar. Lova har som utgangspunkt at all motorisert ferdsel i utmark og vassdrag er forboden. Regelverket opnar likevel for nødvendig køyring i samband med for eksempel nødutrykking eller forsvarsøvingar.

Endringar i regelverket i 2015 gjer at kommunane no kan leggje ut snøskuterløyper for køyring på vinterføre. I Finnmark og Nord-Troms er det eigne reglar.