Kommunestruktur
Oppdatert 10.12.2021
Noreg har 356 kommunar. Fastsetting og endring av kommunegrenser blir regulert av inndelingslova.
2020 var det første året for 47 nye kommunar som følgje av kommunereforma.
Statsforvaltaren skal rettleie kommunar, folkevalde og private i spørsmål om inndelingslova og prosessane ved grenseendring og grensefastsetting.
Ved behov kan vi også hjelpe kommunar med å forhandle fram ein avtale om økonomisk oppgjer ved grensejustering eller deling.
Vi kan også gjere lovlegkontroll med budsjettvedtak etter at utgreiing om samanslåing eller deling er sett i gang.