Trus- og livssynssamfunn

Oppdatert 26.05.2021

Trus- og livssynssamfunn kan krevje tilskot frå staten. Ny trussamfunnslov stiller krav om minst 50 tilskotsteljande medlemmer og gir utbetaling av eitt offentleg tilskot (i staden for eit statleg tilskot og eit kommunalt tilskot). Alle nye trus- og livssynssamfunn må dessutan registrere seg før dei kan få tilskot.

Trus- og livssynssamfunn skal bruke ei ny digital løysing til å sende inn søknad om registrering, krav om tilskot, årsrapportar, rekneskap, søknader om godkjenning av vigslar. Alle trus- og livssynssamfunn må ha ein godkjend tilgang for å kunne bruke løysinga. Ein person som representerer samfunnet, søkjer om tilgang. Årleg frist for å krevje tilskot er 1. mars. 

For samfunn som er registrerte og/eller har fått tilskot, gjeld overgangsreglane i den nye lova. Desse samfunna blir rekna som registrerte i to år, frå og med 1. januar 2021. Dei vil kunne få tilskot i overgangsperioden dersom dei har minst 50 tilskotsteljande medlemmer. Godkjende forstandarar og seremonileiarar kan vere vigslarar etter ekteskapslova så sant trus- og livssynssamfunn har mynde til å vigsle. 

Satsen som blir brukt til å rekne ut statstilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja i 2021, er 1.310 kroner per medlem.

Tidlegare behandla alle embeta saker om registrering og tilskot til trus- og livssynssamfunn. Frå og med januar 2021 skal berre to instansar behandle sakene. Statsforvaltaren i Oslo og Viken behandlar saker som gjeld samfunn i Oslo og Viken. Samfunna med adresse utanfor Oslo og Viken høyrer inn under Statsforvaltaren i Agder.

Sjå meir informasjon om ordninga og bruk av den digitale løysinga i brukarrettleiinga for trus- og livssynssamfunn.

Driftsmelding

Innkjøringsproblemer med den nye trossamfunnsportalen gjør at det er forsinkelser i utbetalingen av tilskudd for 2021. Vi beklager forsinkelsen. 

Hjelp til innlogging

For å logge inn på den digitale løysinga trykker du på knappen «Digital løysing for trus- og livssynssamfunn». Trykk deretter på knappen «Logg inn» øvst i høgre hjørne for å komme vidare til ID-porten.