Fritak frå teieplikt

Oppdatert 12.03.2024

Om du er tilsett i skule, barnehage, barnevernet eller sosialetaten, offentleg tilsett i helse- og omsorgstenesta, eller arbeider med oppgåver etter introduksjonslova, må du ha fritak frå teieplikta dersom du skal vitne i ei rettssak eller gi forklaring i politiavhøyr om eit konkret straffbart forhold. Det er Statsforvaltaren som gir fritak frå teieplikta.

Dersom Statsforvaltaren ikkje gir fritak, kan retten ved orskurd avgjere at du likevel skal vitne. Retten kan òg avgjere at du ikkje skal forklare deg, sjølv om Statsforvaltaren har gitt deg fritak frå teieplikta.

Ver merksam på at det er politi eller advokat (prosessfullmektig til parten) som må søkje på vegner av deg som tilsett. Søknaden kan sendast digitalt.

Det er ikkje nødvendig med fritak frå Statsforvaltaren dersom den personen som har krav på teieplikta, godkjenner at opplysningane blir frigitt. I barnefordelingssaker treng ikkje Statsforvaltaren frita barnevernstilsette frå teieplikta. Barnevernstenesta kan uhindra av teieplikta gi opplysningar til domstolen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.