Etterfølgjande godkjenning av ekteskap

Oppdatert 05.01.2024

Har du gifta deg i utlandet og ønskjer å få registrert ekteskapet? Da tek du kontakt med Skatteetaten. På visse vilkår kan Statsforvaltaren godkjenne eit utanlandsk ekteskap som ikkje vert anerkjent i Noreg, eller vi kan godkjenne eit ekteskap som er inngått her og som viser seg å vere ugyldig. Søk om godkjenning hjå Statsforvaltaren i Oslo og Viken.

Eg har gifta meg i Noreg, men ekteskapet blir ikkje registrert i folkeregisteret

Eg har gifta meg i utlandet, og har behov for at ekteskapet blir anerkjent i Noreg

 

Eg har gifta meg i Noreg, men ekteskapet blir ikkje registrert i folkeregisteret

Dette gjeld ekteskap som er inngått i Norge, men som av ulike årsaker er ugyldige. Årsaka kan vere at:

  • Vigslaren hadde ikkje vigselskompetanse.
  • Det vart ikkje lagt fram gyldig prøvingsattest frå folkeregisteret på tidspunktet for vigselen. Det kan vere at Skatteetaten ikkje har skrive ut prøvingsattest, eller at attesten var gått ut på dato. Ein prøvingsattest er gyldig i fire månader.
  • Brudefolka møtte ikkje personleg vil vigselen.
  • Begge brudefolka hadde ikkje levert eigenerklæring om at de ønskjer å inngå ekteskap med kvarandre.
  • Vigslar erklærte ikkje brudefolka for rette ektefolk.
  • Ekteskapet er heller ikkje gyldig dersom prest i Den norske kyrkja ikkje følgde liturgien som er fastsett av Kyrkjemøtet.

Du kan søke om etterfølgjande godkjenning av et ugyldig inngått ekteskap. Søknaden bør innehalde:

  • prøvingsattest
  • vigselsattest
  • forklaring frå partane om kvifor kravet til vigsel ikkje vart følgt
  • forklaring frå partane om kvifor de meiner at det er særlege grunnar til at ekteskapet skal godkjennast
  • forklaring frå vigslar (den som vigde) som forklarer kvifor vigsla vart gjort utan at krava til vigsel vart følgde

Send søknaden til Statsforvaltaren i Oslo og Viken

Eg har gifta meg i utlandet, og har behov for at ekteskapet blir anerkjent i Noreg

Dette gjeld ekteskap som er inngått i utlandet, og som sannsynlegvis er gyldige i landet der ekteskapet vart inngått, men ekteskapet blir likevel ikkje anerkjent i Noreg. Årsaka til at ekteskapet ikkje blir anerkjent i Noreg kan vere at:

  • Ekteskapet vart inngått utan at de begge var til stades under vigselen.
  • Ein av dykk var under 18 år da de gifta dykk.
  • Ein av dykk var allereie gift.

For at ekteskapet skal kunne anerkjennast i Noreg, må det vere sterke grunnar som talar for godkjenning. Søknad om å få anerkjent eit utanlandsk ekteskap må innehalde:

  • Skriftleg uttale frå dykk begge om at de ønskjer at Statsforvaltaren anerkjenner ekteskapet.
  • Vigselsattest i original eller stadfesta kopi. Kopiar må vere stadfesta av advokat, offentlege kontor eller ein profesjonell kopieringsteneste. Attesten må vere stadfesta med apostille, sjå kva land som kan bruke apostillestempel. Kjem attesten frå eit anna land, må den legaliserast av Utanriksdepartementet i det landet de gifta dykk i. Deretter må den verifiserast av den norske ambassaden. Vigselsattesten må vere omsett til norsk eller engelsk av ein statsautorisert omsetjar, universitets- eller høgskulelærer eller kommunal tolketeneste. Omsetjinga må gjere det klart at det er eit originaldokumentet som er utgangspunktet. Omsetjingar som er gjort ved, eller stadfesta av, norsk eller utanlandsk utanriksstasjon eller konsulat vil også kunne nyttast. Omsetjinga av vigselsattesten må også leggjast fram i original eller stadfesta kopi.
  • Fullmakt frå dykk begge til å innhente utlendingssaken dykkar.
  • Kopi av pass eller reisedokumenter frå dykk begge. Den av dykk som bur i Noreg må også leggje fram kopi av alle brukte sider i passet/reisedokumentet. Kopiane må vere stadfesta av advokat, offentleg tenestemann eller liknande.

Søknad om å få ekteskapet anerkjent i Noreg skal sendast til Statsforvaltaren i Oslo og Viken

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.