Familievern

Oppdatert 23.11.2021

Familievernkontora gir tilbod om behandling og rådgiving ved vanskar, kriser og konfliktar i familien. Kontora meklar også i samband med skilsmisse eller samlivsbrot eller i barnefordelingssaker. Tilbodet er gratis.

Statsforvaltaren fører tilsyn med verksemda ved familievernkontora i fylket. Vi har tilsynsbesøk ved kvart familievernkontor minst kvart tredje år.