Bruk reint trevirke på jonsokbålet

Brenning av avfall kan ureine og det kan oppstå giftige gassar. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.06.2017

Impregnert trevirke kan gje frå seg giftige gassar når det brenn. Brenn difor ikkje dei grågrøne plankane på jonsokbålet. 

Jonsokbål på Leikanger Foto: Tore Larsen

Avfall som ikkje høyrer heime på bålet:

  • Impregnert trevirke kan innehalde kopar og verstingstoffa krom, arsen og tjærestoffet kreosot. Oske og røyk er giftig og kan innehalde arsenikk
  • Madrasser, møbel, tekstil og skumplast kan innehalde polyuretan som gir helseskadelege gassar, blåsyre og kolos
  • Plast som blir brent kan skape dioksinar som mellom anna er kreftframkallande. Plast kan også innehalde ei rekkje andre skadelege stoff

På eit jonsokbål skal det difor berre vere reint trevirke. Reint trevirke må vere fritt for lim, lakk og maling.

Bruk bålvett – lever avfall til miljøstasjonen i kommunen din.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.