Oppmoding til offentleg tilsette som er urolege for barn og unge i sommar
Nokre barn og unge opplever å bli tekne med til utlandet mot sin vilje, eller å bli haldne tilbake i utlandet etter ein ferie. No har fem statsrådar i regjeringa skrive brev om korleis offentleg tilsette kan førebyggje og fange opp barn og unge som blir utsette for uakseptable og straffbare handlingar.
Eit ufrivillig utanlandsopphald kan for nokre barn og unge bety at dei blir utsette for negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, barneekteskap, tvangsekteskap, kjønnslemlesting, eller andre former for vald og overgrep.
Det er ofte vanskeleg for norske styresmakter å hjelpe barn og unge som er i utlandet og som ber om hjelp, sjølv om dei er norske statsborgarar eller har lovleg opphald i Noreg. Derfor er det svært viktig å førebyggje at barn og unge blir tekne med på ufrivillige utanlandsopphald.
I brevet frå statsrådane er det informasjon om tiltak som offentleg tilsette kan, bør eller skal setje i verk dersom dei er urolege for eit barn eller ein ungdom. Brevet er sendt til alle kommunar, fylkeskommunar og statsforvaltarane.
Kven bør vere ekstra merksame?
Jobbar du i ei av desse tenestene bør du vere ekstra merksam før ferien:
- grunnskular og vidaregåande skular
- barnehagar
- SFO eller AKS
- oppfølgingstenester som til dømes PPT
- helsestasjonar og skulehelsetenesta
- psykisk helseteneste (til dømes BUP)
- Nav
- barnevernet
- familievernkontor
- flyktningtenesta
- vaksenopplæring
- andre aktuelle og offentlege instansar
Urolege foreldre og barnevernet
Nokre foreldre kan vere urolege for eigne barns utvikling og kan vurdere opphald i utlandet som ei løysing. I slike tilfelle er det viktig at offentleg tilsette samarebeider med foreldra for å finne hjelp i Noreg. Barnevernstenesta skal ikkje leggje til rette for eller finansiere reiser til eller opphald i utlandet.