Driveplikt er godt jordvern

Å sørge for at jordbruksareala vert drivne er eit viktig jordverntiltak, skriv landbruks- og matministeren i eit brev til kommunane.

Publisert 13.05.2024

I jordvernbrevet alle kommunar fekk i januar i år oppmodar landbruks- og matminister Geir Pollestad kommunane om å handheve jordlova sine reglar om driveplikt.

Jordlova sine reglar er tydelege. Det er driveplikt på alt jordbruksareal, og det er eigar som er ansvarleg for å oppfylle driveplikta. Er jordbruksareal ute av drift, kan kommunen gje eigarane pålegg om at arealet skal leigast ut til andre, som vil drive jorda. Tal frå statistikkbanken til Statistisk sentralbyrå viser at kommunane sjeldan gir slike pålegg. 


Nibio.no har informasjon om kor mykje jordbruksareal som kan vere ute av drift i kvar enkelt kommune. 

Med informasjon frå Landbruksregisteret, søknadar om produksjonstilskot i 2023 og kart, kan kommunane få god oversikt over eigedomar som bør følgjast opp i 2024. For nokre av desse eigedomane kan kravet om drift av areala likevel vere oppfylt. Det kan, til dømes, vere eigedomar som er i drift, men der drifta ikkje stettar vilkåra for å søkje produksjonstilskot, eller at eigar ikkje er klar over at vilkåra for å søkje er oppfylt. Nokre eigedomar/dyrka areal ligg også slik til at tilhøva ikkje ligg til rette for drift/utleige av areal. Med meir systematisk gjennomgang, og kontakt med eigarane, kan kommunane rettleie, og gje pålegg om utleige der det er nødvendig.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.