Varslingsprøve på mobiltelefon

Onsdag 14. juni klokka 12 vil mobilen din truleg lage høg lyd og vibrere, sjølv om lyden er skrudd av. Årsaka er at det nye varslingssystemet Nødvarsel på mobil blir testa. Samstundes testar Sivilforsvaret sine sirener. Gi gjerne beskjed til personar du trur kan bli uroa av ei slik varslingsprøve.

Publisert 13.06.2023

– Varslingsprøva vil kunne merkast godt denne gangen, spesielt der mange menneske er samla og mange einingar vil spele av lyd samstundes. Snakk gjerne med dine næraste – barn, eldre og andre rundt deg på førehand, slik at flest mogleg er budde og veit at dette berre er ein test, seier Elisabeth Aarsæther, direktør i DSB. Det er DSB og politiet som gjennomfører testinga.

Kven får testen?

Testen går ut til alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar i Norge som er kopla på 4G/5G. Nokre nettbrett og smartklokker kan også vise nødvarsla.

Dette er Nødvarsel

Nødvarsel vart lansert i januar i år, og skal brukast til å varsle innbyggarane i Noreg på mobiletelefon om akutte og alvorlege hendingar som trugar liv og helse. I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere. Nødvarsel kan brukast både ved lokale, regionale og nasjonale hendingar.

Les mer om varslingsprøva på nødvarsel.no.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.