Bli kjend med den nye barnevernslova

Den nye barnevernslova gjeld frå 1. januar 2023. Statsforvaltarane har laga opplæringsvideoar, slik at du som jobbar i barnevernet kan bli betre kjent med den nye lova.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.12.2022

Hovudmålet med lova er å auke rettstryggleiken for familiar som får hjelp frå barnevernet, og bidra til at endå fleire barn får ein trygg oppvekst.

Den nye lova

  • har eit enklare språk og struktur
  • set barnas behov i sentrum
  • kan bidra til betre førebygging og tidleg innsats
  • er betre tilpassa nye familiemønster og eit meir fleirkulturelt Noreg

Statsforvaltarne har engasjert advokat Leif Oscar Olsen til å lage dei åtte opplæringsvideoane om lova. Videoane gjev ikkje ein full gjennomgang av den nye lova, men er ein gjennomgang av dei viktigaste kapitla og føresegnene for dei som arbeider i barnevernstenestene.

Målgruppa er barnevernstilsette, leiarar, kommunedirektørar og alle som jobbar med barnevern. Videoane kan du sjå kva tid som helst, anten åleine, eller saman med heile tenesta. Nokre av sekvensane eller kapitla har refleksjonsoppgåver til slutt, som er fine å arbeide med saman med kollegaer.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.