Nye satsar i statens retningsliner for sosialhjelp

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har prisjustert satsane frå 1. juli 2022 i tråd med anslaget for vekst i konsumprisane i revidert nasjonalbudsjett for 2022.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.07.2022

Satsane går fram i Rundskriv A-1/2022 om statlege rettleiande retningsliner for økonomisk stønad for 2022.

Satsane er rettleiande. Nav-kontora skal utøve skjøn når dei vurderer om dei skal innvilge ein sosialhjelpssøkjar økonomisk stønad, og dei skal utøve skjøn ved utmåling av stønaden. Kommunane vel sjølv om deira Nav-kontor skal nytte statens satsar som utgangspunkt for skjønsutøvinga, eller om dei vil ha eigne kommunale satsar som utgangspunkt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.