Evaluering av den geografiske inndelinga vår
Regjeringa legg opp til endringar i fylkesstrukturen og vil oppløyse tvangssamanslegne fylkeskommunar som sender søknad etter vedtak i fylkestinget. Også den geografiske strukturen til statsforvaltaren blir vurdert.
Det er tre år sidan 16 embete vart til 10 embete. Samstundes, i januar 2019, vart Statsforvaltarens fellestenester etablert. No er fleire fylke i ein prosess som kan føre til endringar i fylkesinndelinga, og kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram ønskjer ei evaluering av statsforvaltarstrukturen. Han legg særleg vekt på å få fram erfaringar hjå kommunane.
Det er Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) som har fått i oppdrag å evaluere den geografiske inndelinga av statsforvaltaren. Evalueringa skal vere klar innan oktober 2022.
Les meir i pressemeldinga frå Kommunal- og distriktsdepartementet.