Lovendringar som følgje av barnevernsreforma

I samband med barnevernsreforma har det kome fleire lovendringar. Målet er å sikre at barn og unge får god hjelp til rett tid og at dei får eit heilskapleg tilbod.  

Publisert 31.01.2022

Med barnevernsreforma som kom 1. januar har vi allereie fått endringar i barnevernlova. Det vil også komme endringar i velferdslovgjevanden frå 1. august, og heilt ny barnevernlov frå 1. januar 2023. Under finn du oversikt over dei aktuelle endringane.

Endringar i barnevernlova frå 1. januar 2022

  • Overordna ansvar er flytta til kommuneleiinga
    Det er tydeleggjort at politisk og administrativ leiing i kommunen har ansvar for at kommunen oppfyller plikter og oppgåver etter barnevernlova. Ordlyden var tidlegare at dette var oppgåva til leiar av barnevernstenesta. Dette går fram av § 2-1 i barnevernlova. 

  • Krav om plan for det førebyggjande arbeidet
    Det er krav om at kommunestyret skal vedta ein heilskapleg plan for kommunens arbeid med å førebyggje omsorgssvikt og åtferdsvanskar, jamfør § 3-1 i barnevernlova. Formålet er å bidra til ei overordna forankring av det førebyggjande arbeidet i kommunen, i tillegg er det tenkt som eit viktig verktøy for å sikre systematisk innsats for å leggje til rette for heilskaplege tenester.

  • Nye kompetansekrav i barnevernstenestene
    Det er lovfesta at tilsette i barnevernstenesta, som skal utføre kjerneoppgåver, innan 1. januar 2031 må ha barnevernfagleg mastergrad eller anna relevant utdanning på tilsvarande nivå (§ 2-1 a i barnevernlova). 

  • Nye kompetansekrav i barnevernsinstitusjonar
    Frå 2022 må nye tilsette i barnevernsinstitusjonar ha bachelorkompetanse, jamfør barnevernlova § 5-11. For institusjonsleiarar blir det krav om relevant utdanning på masternivå, og dette kravet gjeld frå 2031. 

  • Refusjonsordninga er avvikla og kommunen har fullt ansvar for rettleiing til fosterheimar
    Frå 2022 har kommunane eit heilskapleg ansvar for oppfølging og rettleiing av fosterheimar. Bufetat tilbyr ikkje lenger generell rettleiing, men held fram med å gi opplæring. Refusjonsordninga er avvikla, og kommunen får fullt finansieringsansvar for ordinære fosterheimar. Kommunane skal få kompensasjon gjennom auke i rammetilskotet. 

  • Plikt til å tilby praksisplass
    Kommunen har ei plikt til å tilby rettleia praksis når ein utdanningsinstitusjon ber om det, jf. barnevernlova § 2-1, 8. ledd.

Samhandlingsplikta vil frå 1. august gå fram i 14 ulike lovverk

Det kjem endringar i velferdstenestelovgjevnaden 1. august 2022. Formålet med dei nye endringane er å styrkje oppfølginga av utsette barn og deira familie gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene.

Det vil gå fram i dei ulike lovene at tenestene skal samarbeide med offentlege instansar og andre tenesteytarar dersom samarbeid er nødvendig for å gi barnet eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Det er spesifisert at ved behov skal kommunen bestemme kva kommunal instans som har ansvar for samordninga. I Prop. 100 L er det ei oversikt over forslaga til den konkrete ordlyden i dei ulike lovverka. 

Barnekoordinator skal samle tenestetilbodet

Retten til barnekoordinator gjeld for familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og der barnet har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester.

Barnekoordinator skal koordinere det samla tenestetilbodet rundt familien og bidra aktivt for å vareta ansvaret kommunen har for oppfølging og tilrettelegging for familien. Barnekoordinator skal sørge for at familien og barnet får nødvendig informasjon og rettleiing om dei aktuelle velferdstenestene, og formidle kontakt og tilvise til velferdstenester der det er nødvendig. Dersom det er oppnemnt barnekoordinator etter helse- og omsorgstenestelova § 7-2a, skal barnekoordinatoren sørge for samordning av tenestetilbodet. 

Ny barnevernlov frå 1. januar 2023

I den nye lova er hovudendringane på områda som gjeld samvær og oppfølging av barn og foreldre etter omsorgsovertaking, barns rett til medverknad, lovfesting av krav til kompetanse, førebygging og tidleg innsats, regulering av bruk av private aktørar og barnevernsinstitusjonar. Det er ikkje endringar i mogelegheita til å bruke tvang eller gjere inngrep i barnets personelge fridom på institusjonar. Det er heller ikkje endringar i inngrepskriteria for barn som lever i alvorleg omsorgssvikt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.