Ny raudliste for artar i Noreg

Fragmentering av villreinen sine leveområde gjennom vegbygging, hyttebygging og andre inngrep har delt arten opp i mange små og isolerte bestandar. Genetisk innblanding frå tamrein og no også ny, innført sjukdom har ført villreinen inn på den norske raudlista. Førebels er arten vurdert som nær trua. Foto Tore Larsen
Fragmentering av villreinen sine leveområde gjennom vegbygging, hyttebygging og andre inngrep har delt arten opp i mange små og isolerte bestandar. Genetisk innblanding frå tamrein og no også ny, innført sjukdom har ført villreinen inn på den norske raudlista. Førebels er arten vurdert som nær trua. Foto Tore Larsen

Artsdatabanken har lansert ei oppdatert raudliste for artar. Førre utgåve av raudlista kom i 2015, og utviklinga i åra som har gått tyder ikkje på at vi har blitt særleg mye flinkare til å ta vare på artsmangfaldet.

Publisert 29.11.2021

Raudlista er ei oversikt over artar med risiko for å døy ut i Noreg, og er eit viktig grunnlag for ei kunnskapsbasert forvalting av naturmangfaldet. Kategoriane på raudlista følgjer oppsettet frå den internasjonale naturvernunionen IUCN, og er desse:

Regionalt utdøydd (RE)
Utdøydd i Noreg (107 artar)

Kritisk trua (CR)
50 prosent sjanse for å døy ut innan 3 generasjonar/10 år (289 artar)

Sterkt trua (EN)
20 prosent sjanse for å døy ut innan 5 generasjonar/20 år (959 artar)

Sårbar (VU)
10 prosent sjanse for å døy ut innan 100 år (1504 artar)

Nær trua (NT)
Omsynskrevjande artar som på grunn av negativ bestandsutvikling er nær ved å hamne i ein av dei andre kategoriane (2205 artar)

I tillegg finst kategorien datamangel (DD) med artar som reknast som raudlista, men der kunnskapen er for mangelfull til at dei kan klassifiserast i ein av kategoriane over.

Ei heil rekke ekspertgrupper har over lang tid gått gjennom og vurdert situasjonen for om lag halvparten av dei kjente norske artane, til saman 23 405 artar. Av desse har 4975 (21 prosent) blitt raudlista. Samanlikna med den førre raudlista frå 2015 har 1839 nye artar blitt vurdert. Auka kunnskap om artane og bestandsutviklinga sidan sist har ført til at 309 artar har gått ut av raudlista, men til gjengjeld har 333 artar kome inn.

Totalt sett har talet på raudlista artar i Noreg auka med meir enn 500 artar sidan 2015. Med tanke på at vi stadig får ny og betre kunnskap om mange artar, er ikkje denne endringa så stor, men det er likevel eit sørgjeleg faktum at utviklinga går feil veg. Nokre lyspunkt er det likevel.

Ut av raudlista
Det vakte mye merksemd da begge rypeartane blei raudlista i 2015. Det skjedde etter lang tid med nedgang, men dei siste åra meiner ekspertane at rypebestandane har stabilisert seg. Verken lirype eller fjellrype er derfor å finne på den nye raudlista. Etter mange år er også oteren ute av raudlista, etter at situasjonen for arten har betra seg og ført til at den no er tilbake og har etablert seg på stader der den tidlegare var utrydda.

imageqtttt.pngOteren var i førre hundreår nesten utrydda i Sør-Noreg, og arten har hatt fast plass på raudlista sidan den første lista kom i 1984. Men no er bestanden aukande, og oteren blir vurdert til å vere utanfor fare. Foto Tore Larsen

Arealendringar viktigaste årsak til at artar går tilbake
For dei aller fleste av dei trua artane (kategoriane sårbar, sterkt trua og kritisk trua) er menneskeskapte arealendringar den viktigaste årsaka til at dei har hamna på raudlista. Ulike former for utbygging står saman med skogbruk for dei viktigaste negative arealendringane, men for ei stor gruppe artar knytta til kulturlandskap er også endring og opphøyr av landbruksdrift ein viktig faktor. Som tidlegare er det framleis flest trua artar i skog, ettersom driftsformene i skogbruket gjer at det blir lite igjen av artsrik, gammal skog med mye daud ved av ulik alder. Heile 48 prosent av dei trua artane er knytte til skog. Dei stadig minkande areala med artsrike kulturmarkstypar som gammal slåtteeng er på si side leveområde for 29 prosent av dei trua artane.

Også i det marine miljøet er arealendringar den viktigaste årsaka til at artar hamnar på raudlista. Utfylling i strandsona og bunntråling er viktige negative faktorar der.

Nokre døme på raudlista artar
Dei fleste raudlista artar er naturleg nok sjeldne artar med avgrensa utbreiing og levesett som gjer at dei ikkje er godt kjente blant folk flest. Det er likevel rikeleg med kjenningar på den nye raudlista, og ganske mange av dei var talrike artar for ikkje så veldig mange år sidan.

Villrein er for første gong på rødlista, som nær trua (NT). Den eine av hovudårsakene er skrantesjuka, som både i seg sjølv og gjennom forvaltingstiltak kan føre til (og har ført til) vesentleg bestandsnedgang. Den andre er den stadig pågåande bit-for-bit nedbygginga av leveområda med hytter og vegar, som har ført til at villreinen no lever i 24 meir eller mindre isolerte forvaltingsområde.

Laks har også for første gong hamna på den norske raudlista. På grunn av minkande tal vaksne individ som kjem inn frå havet for å gyte i elvene, er laksen no klassifisert som nær trua (NT). Dei viktigaste negative påverknadsfaktorane er genetisk innblanding frå rømt oppdrettslaks og lakselus frå oppdrettsanlegga langs kysten.

Hummaren er tilbake på raudlista, etter å ha vore ute sidan 2015. Overbeskatting, der spøkelsesfiske i mista teiner speler ei rolle, har ført til ein nedgang som er vurdert til 38 prosent dei siste tre generasjonane. Nedgangen er såpass stor at hummaren no er klassifisert som sårbar (VU).

Når vi er i det marine miljøet, kan det vere grunn til å trekke fram sjøfuglane, som er i alvorlege problem fordi næringstilgangen i havet har svikta dramatisk etter hundreårsskiftet. Ny på raudlista er den tidlegare så talrike gråmåsen, som har tatt steget like til sårbar (VU). Der får den selskap av den tidlegare også svært talrike fiskemåsen, som tar steget frå nær trua (NT) til sårbar (VU).

image3qjdu.pngDet går framleis dårleg for sjøfuglane. Alle alkefuglane er raudlista, og lundefuglen har tatt steget opp frå sårbar (VU) til sterkt trua (EN). Foto Tore Larsen

Ei anna fuglegruppe som har problem, er vadefuglane. Vipa, som for ein (menneske-)generasjon sidan var ein vanleg og velkjent art i kulturlandskapet, har gått så sterkt tilbake at den har fått status som kritisk trua (CR) og dermed har tatt plass saman med åkerriksa, som berre dei aller eldste av oss kan hugse og få har sett dei siste tiåra. Storspoven, ein annan kulturmarkstilknytta vadefugl, har tatt steget opp frå sårbar (VU) til sterkt trua (EN). Våtmarksfuglar generelt er sterkt representert på raudlista, ettersom våtmark er ein naturtype under sterkt press. «Vassjuk mark» er framleis eit mye brukt uttrykk i Noreg, og seier litt om statusen våtmarkene våre har.

imageq1ec.pngVegbygging i våtmarksområdet Løken i Førde. Området er ikkje verna, men hadde den einaste hekkeplassen for hettemåse i Sunnfjord. På den nye raudlista har hettemåsen fått status som kritisk trua (CR). Foto Tore Larsen

Fuglane er den dyregruppa som har størst andel av artane inne på den norske raudlista. Av 317 artar er 109 på raudlista, det vil seie 34 prosent eller drygt ein tredel av alle norske fugleartar. Dette er i samsvar med utviklinga elles i Europa, der ein rapport nyleg vurderte at sidan 1980 har talet på fuglar i EU-landa gått ned med nesten 600 millionar individ.

Av fugleartar som mange kjenner, er desse heilt nye på raudlista: Gråsporv (NT), heilo (NT), tjeld (NT), grønfink (VU) og granmeis (VU).

imagerqpdj.pngGrønfinken har lenge vore ein vanleg fugl på fuglebrettet, og har aldri vore på raudlista før. Bestanden begynte å minke rundt 2007, og ein reknar det no som ganske sikkert at dette skuldast spreiing av ein parasitt som tidlegare i liten grad har råka ville fuglar. Det er mange ulike årsaker til at det blir færre fuglar, men den viktigaste er menneskeskapte arealendringar. Foto Tore Larsen 

Når det gjeld plantar, er det verd å peike på at talet på raudlista karplantar har auka med 26 prosent, frå 377 i 2015 til 475 i år. Det er i denne gruppa klimaendringar har blitt vurdert som mest utslagsgivande for raudlistinga, særleg for typiske fjellplantar, men også her er arealendringar viktigast. Gammal, ekstensivt driven kulturmark har gått ut av bruk, og jordbruket er no konsentrert om areal med intensiv drift som ikkje gir plass for noko artsmangfald. Urbaniserte område har dessutan ofte ei fortid som botanisk rike, og gir heller ikkje rom for noko stort mangfald lenger. På Vestlandet er også framande artar eit viktig trugsmål, særleg på grunn av den omfattande og heilt ukontrollerte frøspreiinga av gran frå plantefelt. Mange artsrike skoglier står i fare for å bli endra dramatisk i nær framtid. Endringar og inngrep i edellauvskog, saman med sviktande frøformeiring, har ført til at lind no er raudlista som nær trua (NT). Dei to edellauvtrea ask og alm har lenge vore på raudlista, og har saman vore innom kategoriane nær trua (NT) og sårbar (VU) på grunn av innførte, sjukdomsframkallande sopp og omfattande skadebeiting frå ein altfor stor hjortebestand. Den negative utviklinga har halde fram, og både ask og alm er no klassifiserte som sterkt trua (EN).

imager49ec.pngSpreiing av framande artar som blindpassasjerar ved import av hageplantar har lenge vore eit problem. Ask er enno talrik i sørvendte lier på Vestlandet, men den asiatiske soppen askeskotbeger er under spreiing og finst no over det meste av fylket. Soppen fører til askeskotsjuke, der skot, kvistar, greiner og til slutt heile treet kan døy. Det ser ut til å vere ein del variasjon i kor stor skade sjukdomen gjer på trea. Almesjuke skuldast også ein sopp, men spreiinga av denne sjukdomen har gått mye langsamare. Eit varmare klima vil kunne endre på dette. Foto Tore Larsen

Talet på artar som er raudlista på grunn av klimaendringar har gjort eit byks sidan den førre raudlista kom i 2015, frå 87 til 211 trua artar. Ikkje uventa høyrer meir enn halvparten av artane til i fjellet, der dei som lever aller lengst oppe i den alpine sonen vil få store problem fordi dei ikkje kan røme lenger opp og vekk frå aukande temperaturar.

imageddhe9.pngIssoleia er ein velkjent plante for alle som går i høgfjellet. På grunn av klimaendringane tar den no steget frå nær trua til sårbar (VU) på raudlista. Arten får vevsskader av for mye varme, og kan derfor ikkje leve i låglandet. Foto Tore Larsen

Det vil føre for langt å gå inn på endringar i dei aller mest artsrike artsgruppene, men om det er spesielle grupper du er interessert i informasjon om, kan du lese på nettsidene til Artsdatabanken, eller du kan søke direkte etter artar på denne sida.