Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Ferdsel og friluftsliv på snø og is

Ferdsel på islagde vatn er ein del av allemannsretten i Noreg, og det er mange som nyter vinteren i Vestland desse dagar. Sjekk dei lokale isforholda på Varsom.no
Ferdsel på islagde vatn er ein del av allemannsretten i Noreg, og det er mange som nyter vinteren i Vestland desse dagar. Sjekk dei lokale isforholda på Varsom.no Foto: Maria Knagenhjelm.

Flott vinterver kan trigge lysta til uteaktivitetar for både små og store. Kva seier friluftslova om ferdsel over snødekt innmark? Og kor kan ein få informasjon om trygg is før kveldens skøytetur? 

Publisert 13.01.2021

Med låge temperaturar og snøfall mange stadar er det mange som har funne fram både akebrett, ski og skøyter. Allemannsretten gir deg rett til å ferdast i utmark i Noreg så lenge ein er omsynsfull og varsam.

Innmark

Allemannsretten gjeld berre i utmark så lenge det er barmarksesong. Innmarka bidreg til dyrking av fôr til dyr og mat til menneske. No når snøen ligg over mark og eng kan du derimot ferdast over innmark, så lenge det er frost og snø. Reglane seier at du kan gå over frosen eller snødekt åker og eng frå og med 15. oktober til og med 29. april. Fine kvitkledde bøar kan såleis bli endå finare akebakkar! Så snart frosten forsvinn og snøen smeltar må innmarka få lov til å vere i fred igjen slik at den atter ein dag kan produsere mat. Viss du vil tenne bål på innmark må du spørje om lov av grunneigar, det same viss det er organisert ferdsle med mange menneske. 

Mellom 15. oktober og 15. april kan ein nytte innmarka som ein del av allemannsretten. Denne retten er heimla i friluftslova. Ta omsyn og nyt vinteren!
Mellom 15. oktober og 15. april kan ein nytte innmarka som ein del av allemannsretten. Denne retten er heimla i friluftslova. Ta omsyn og nyt vinteren! Foto: Maria Knagenhjelm.

Verneområde

Du er velkommen til å ferdast i verna område. Dei fleste verneområde har reglar som seier at vegetasjonen, inkludert daude tre, må få stå i fred. Dyre- og fugleliv er særleg sårbare for uroing i kulda, og dei må få leve vidare uforstyrra. Enkelte område kan ha reglar for ferdsel og aktivitet, som til dømes bålfyring. Vil du vite om du er innanfor eller utanfor eit verneområde kan du laste ned appen Miljøstatus kart. Der kan du sjå vernegrenser, lese om verneføremålet og sjå kva slags reglar som gjeld i det området du vil besøke. Du kan også lese om naturtypar eller kulturminne i appen om du er nysgjerrig!

Islagde vatn

Å kunne gå på skøyter på islagde vatn og vassdrag er ein del av allemannsretten. Det kan vere farleg, og det er difor særs viktig å sjekke forholda før du legg ut. Du kan gjerne bruke fjellvettreglane for ferdsel på is. Høyr med lokale "fjellfolk", ta med deg rett utstyr som tau, broddar, ekstra kle og varm drikke, og meld ifrå om kor du går. På isskolen kan du lære meir om trygg ferdsel på islagt vatn, sjå lenkje til høgre. På Varsom.no kan du sjekke lokale isvarsel for å sjå kor tjukk isen er i ditt område. Det kan også gjelde spesielle reglar for enkelte vatn, der anten drikkevassforskrifta eller vassressurslova gjeld, og er du i tvil kan du kontakte kommunen.

Plantefelt

Dersom du går gjennom plantefelt må dei små trea få vekse seg store utan skader. Spikking og bålfyring skal skje på andre areal enn akkurat der. Grunneigaren har planta desse plantene som skal bli inntekt for neste generasjon. Om dei sperrer for utsikta di får det ikkje hjelpe. Då kan du heller gå litt vidare.

Å lage mat eller varme seg ved bålet kan være ei fin oppleving ute på tur. Hugs å sett deg inn i reglane for trygg og omsynsfull bålfyring.
Å lage mat eller varme seg ved bålet kan være ei fin oppleving ute på tur. Hugs å sett deg inn i reglane for trygg og omsynsfull bålfyring. Foto: Maria Knagenhjelm.

Tid for ein kvil

Du kan raste i utmark så lenge det er meir enn 150 meter frå busetnad eller hytte. Det kan vere kjekt å brenne bål, og hugs å setje deg inn i kva du må passe på før du tenner fyrstikka. Er det andre som har vore der før deg, så du kan nytte ein allereie etablert bålplass? Er vind- og vêrforholda gunstige? Er underlaget rett?

Svaberg kan bli varig øydelagt av bålfyring fordi dei sprekk i varmen. Sporlaus ferdsel er viktig for berg og stein også. Ved å følgje lenkja Allemannsretten, til høgre, kan du få rettleiing om kva ansvar du har for bålfyring. Hugs å alltid ta søppel med heim!

God tur, ver trygg og nyt vinteren!