Jordmassar frå problem til ressurs

Region Nordhordland har laga ein rettleiar der det er samla råd om korleis kommunane ved god sakshandsaming kan legge til rette for at jord vert brukt som ein ressurs for landbruk og samfunn. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.03.2017

Rettleiar - Jordmassar frå problem til ressurs

Prosjektet har fått skjønsmidlar frå Fylkesmannen. 

Rettleiaren omtalar interesser og lovverk som kommunane må ta med i sine vurderingar, som omsyn til klima, kulturminne, naturmangfald, forureining, friluftsliv, naboar og trafikk.

Eit av råda i rettleiaren er at den beste måten å vere i forkant på er å tenke massehandtering i planarbeidet.

Rettleiaren gjev råd om kva lovverk og eventuelt kva planverktøy ei sak skal handsamast etter, avhengig av omfang og kompleksitet. Det er òg informasjon om kva ein søknad til kommunen må innehalde.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.