Skal du male huset eller bygge ny veranda i sommar?

Kor bevisst er du når du handlar inn byggevarer, og kva gjer du med malingsrestar og tomme sprayboksar?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.06.2016

Sommaren er tida for maling og anna utvendig vedlikehaldsarbeid. Mange byggevarer og interiørprodukt kan innehalde helse- og miljøfarlege stoff. Dei kan skade helsa di ved bruk, eller miljøet når produkta ender som avfall. Det er mange gode alternativ du kan bruke. Ein enkel metode er å velje miljømerkte produkt.

Svana og Blomen er dei to offisielle miljømerka i Noreg. Svane- og blomemerkte produkt tek omsyn til miljø og helse ved at dei inneheld mindre helse- og miljøskadelege stoff, dei fører til mindre farleg avfall og dei vert produserte med minst mogleg utslepp av farlege stoff og klimagassar.

Kva gjer du med halvtomt malingsspann?

Etter at malejobben er gjort, har du kanskje att med nokre halvfulle malingsboksar, lakkrestar eller tomme sprayboksar. Dette er farleg avfall, og du må hugse at jobben ikkje er gjort før du har levert dette til miljøstasjonen i kommunen.

Rive den gamle, og bygge ny veranda i sommar?

Har du rive ein gamal veranda eller fjerna anna gamalt, impregnert trevirke må du vere spesielt merksam. Gamalt impregnert trevirke kan innehalde CCA (kopar og verstingstoffa krom og arsen) eller tjærestoffet kreosot. Kreosot inneheld kreftframkallande stoff og kan gi sterke allergiske reaksjonar ved hudkontakt. Slikt impregnert trevirke skal ikkje brukast i kjøkenhagen, i sandkassar eller til leikeapparat der folk kan komme i kontakt med stoffet. I dag er det er forbode å kjøpe slikt trevirke.

Kva gjer du med gamalt impregnert trevirke?

Gamalt impregnert trevirke med CCA og kreosot er farleg avfall. Det skal difor ikkje blandast med anna trevirke, men leverast som farleg avfall til miljøstasjonen i kommunen.

Både oska og røyken frå CCA-impregnert trevirke er svært giftig og det må difor ikkje brennast. Alle typar farleg avfall kan leverast gratis til miljøstasjonen i kommunen.

Koparimpregnert trevirke produsert etter 2003 er ikkje farleg avfall, og kan leverast inn som anna malt eller lakkert trevirke til miljøstasjonen i kommunen.

Kan hende har du nokre gamle boksar eller flasker med ”lurium” ståande i kjellaren eller i garasjen?  Ta med dei også når du leverer det farlege avfallet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.