Elektronisk modell for berekning av tilskot ved busetting

Fylkesmannen i Hordaland har utvikla ei elektronisk løysing som kommunane kan nytte til å få oversikt over kva tilskot som følgjer med busetting av flyktningar. Løysinga kan nyttast av kommunar også elles i landet. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.05.2016

Føremålet med modellen

Åra 2015 og 2016 er Fylkesmannen i Hordaland eitt av to embete som er med i ei forsøksordning for auka og raskare busetting av flyktningar. Prosjektperioden fram til no har gitt mange og nyttige erfaringar når det gjeld det potensialet statleg nivå har for å stå fram som samla og samordna. Eit område som er trekt fram frå alle kommunane i Hordaland er at det er krevjande å ha oversikt over inntektssida ved busetting. Dette kjem særleg til syne når kommunane skal følgje opp oppmodinga om busetting i saksframlegg til politisk handsaming.

Fylkesmannen i Hordaland har difor fått utvikla ei elektronisk løysing der kommunane på ein enkel måte kan får oversikt over kva tilskot som følgjer med busetting. Kva tilskott som gjeld for vertskommunar med asylmottak er og del av modellen. Modellen gir vidare eit estimat på kva som vil vere endringar i rammetilskotet for innbyggjarar.

Kven kan nytte modellen

Modellen finn du på nettsida til Fylkesmannen i Hordaland, under bannersaka Busetting av flyktningar. Modellen er til fri bruk for alle kommunar som ønskjer det, også utanfor Hordaland.

Sist oppdaterte versjon og dato for siste endringar ligg på nettsidene til  Fylkesmannen i Hordaland. Om du har lasta ned løysinga må du difor kontrollere om det er lagt ut oppdaterte versjonar før bruk. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.