Papirdeklarering av farleg avfall er snart historie

Verksemder som har farleg avfall må levere dette til godkjent mottak. Før transport skal avfallet deklarerast. Frå 1. mai 2016 skal all deklararering skje elektronisk på www.avfallsdeklarering.no 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.03.2016

Nettsida Avfallsdeklarering.no

Krav om deklarering av opphav, innhald og eigenskapar til farleg avfall

Deklarering er  rapportering om opphav, innhald og eigenskapar til det farlege avfallet. Myndigheteine brukar mellom anna informasjonen til å følgje opp at handteringa av det farlege avfallet er forsvarleg.

Avfallsmottaket skal sjekke om avfallet dei tek imot er deklarert, og sørge for at deklarasjonen følgjer med avfallet ved vidare levering.

Frå 1. mai 2016 skal all deklarering skje elektronisk 

Til no er deklararering av farleg avfall i hovudsak gjort på papir. I 2015 lanserte Miljødirektoratet eit elektronisk system for deklarering av farleg avfall, www.avfallsdeklarering.no. Det er framleis mogleg å deklarere på papir, men frå 1. mai 2016 må all deklarering skje elektronisk. Alle verksemder må derfor snarast innrette seg mot elektronisk deklarasjon, mellom anna ved å registrere seg i Avfallsdeklarering.no og gje naudsynte fullmakter til å deklarere farleg avfall. 

Fylkesmannen fører tilsyn med farleg avfall

Fylkesmannen fører tilsyn med at farleg avfall vert handtert i tråd med regeverket, mellom anna at det vert deklarert.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.