Tilskot
Landbruksføretak

Tilskot ved produksjonssvikt

Publisert 20. august kl. 12:47

Føretak med store avlingstap grunna klima kan søke om tilskot ved produksjonssvikt innan 31. oktober. Søknadsfristen er endeleg. Vi tilrår å søke elektronisk.


Søknadsfrist
31. oktober
Kven kan søke
Landbruksføretak
Ansvarleg etat
Statsforvaltaren i Vestland

Kven kan søkje?

Føretak med avlingstap forårsaka av klima (t.d. store nedbørsmengder, frost, tørke) kan søke om tilskot ved klimabetinga produksjonssvikt.

Ved mistanke om produksjonssvikt skal føretaket utan ugrunna opphald melde i frå til kommunen. Merk at melding ikkje er ein søknad om tilskot. Endeleg frist for å sende inn søknad er 31. oktober.

Både melding og søknad skal sendast inn elektronisk i eige skjema (obs. to ulike skjema for melding og søknad).

Meir om tilskotet og hjelpeskjema «registrering av avlingsnivå, føretak med husdyr» finn du på nettsida vår.

Regelverk, søknad og meldingside finn du hos Landbruksdirektoratet.