Meld frå om mogleg produksjonssvikt
Føretaket skal utan ugrunna opphald melde frå om mogleg produksjonssvikt til kommunen. Melding om mogleg produksjonssvikt skal leverast digitalt på Altinn. Kommune skal ha høve til å kontrollere skadeårsaka, og søkar må sjølv kunne dokumentere årsaka til skade. Merk at melding ikkje er ein søknad om tilskot. Endeleg frist for å sende inn søknad er 31. oktober. Både melding og søknad skal sendast inn elektronisk i eige skjema (obs. to ulike skjema for melding og søknad).
Meir enn 30 % tap
Det er ein eigenrisiko på 30%. Det betyr at føretak som har meir enn 70% av normal avling ikkje får tilskot ved produksjonssvikt.
Ein må vurdere alle årsakene til skade
Det blir berre gitt tilskot ved klimabetinga produksjonssvikt. Skade som følge av sjukdom, skadedyr og ugras gir ikkje rett på tilskot under denne ordninga. Når produksjonssvikt skuldast ein kombinasjon av både skader som gir rett på tilskot og skader som ikkje gir rett på tilskot, skal klimaprosenten justerast ned.
Det er krav om at avlinga blir hausta. Det kan likevel i nokre tilfelle bli gitt tilskot ved produksjonssvikt for uhausta areal, til dømes ved særleg vanskelege hausteforhold eller når haustekostnaden overstig verdien på avlinga. Dette er berre mogleg dersom kommunen, etter kontroll på bruket, har godkjent manglande hausting og vurdert verdien på avlinga som står uhausta.
Forventa avling i frukt og bær
Forventa avling i skadeåret blir rekna som gjennomsnittet av føretaket si avling dei sju siste åra før skadeåret. Ein skal utelate dei to dårlegaste og det beste året i gjennomsnittsperioden dersom dette gir eit betre utslag. Føretaket sine historiske avlingstal skal dokumenterast med t.d. avrekning frå fruktlager.
Det blir tatt omsyn til areal ute av bæring som følge av nyplantingar. Det er viktig at søkar fyller ut korrekte arealtal for nyplantingar per år i søknadsskjemaet og dokumenterer dette med planteplan i frå fruktklienten.
Tapet blir rekna samla for heile vekstgruppa. Det betyr til dømes at innanfor vekstgruppa “frukt” kan ei god epleavling vege opp for ei dårleg plommeavling, og ved eit slikt tilfelle vil ikkje det totale avlingstapet i vekstgruppa «frukt» bli stort nok til at ein får tilskot for produksjonssvikt, trass stor svikt i plommeavlinga.
Forventa avling i honningproduksjon
Ved svikt i honningproduksjon reknar ein forventa avling i skadeåret basert på gjennomsnittleg avling per bikube dei siste tre åra før skadeåret. Det dårlegaste året erstattast med det fjerde året før skadeåret dersom dette gir eit betre utslag. Føretaket sine historiske avlingstal skal dokumenterast med faktura.
Forventa avling i grovfôr salsproduksjon
Forventa avling i skadeåret blir rekna som gjennomsnittet av føretaket si avling dei sju siste åra før skadeåret. Ein skal utelate dei to dårlegaste og det beste året i gjennomsnittsperioden dersom dette gir eit betre utslag. Føretaket sine historiske avlingstal skal dokumenterast med t.d. utklipp frå hovudbok, fakturabillag.
Normavling av grovfôr på husdyrbruk
Avlinga blir rekna ut frå normtal for kommunen. Normavling for alle kommunane i Vestland er sett til å vere 540 FEm/daa på fulldyrka eng og 430 FEm/daa på overflatedyrka eng og andre grovfôrvekstar.
Ofte er det andre årsaker enn klima som har resultert i produksjonssvikt. Søkjar og kommunen må gjere ein systematisk gjennomgang av driftstekniske og naturgitte faktorar som påverkar avlingsmengda, til dømes driftsintensitet, jordkvalitet og høgd over havet samanlikna med snittet for kommunen. Ut i frå dette skal både søkar og kommune forsøke å fastsette kor stor prosentdel av produksjonssvikten som skuldast klima. Vi ønsker også at du legg ved hjelpeskjema «registrering av avlingsnivå, føretak med husdyr». Her er lenke til skjemaet.
I dette skjemaet opplyser du kva avlingsnivå du har hatt dei 3 føregåande åra til skadeåret. Det gir informasjon om hausta avling (silo, rundballar, høy osv.), beitedagar og beitedyr på fulldyrka/overflatedyrka jord, og om forhold som er unike for føretaket. Ut frå dette vert det mogeleg å seie noko om kor stor del av produksjonssvikten som skuldast klimaet i år, og kor stor del som skuldast driftstekniske og naturgitte faktorar (til dømes driftsintensitet, jordkvalitet, høgde over havet og liknande).
Normavlinga for økologisk drift er 25 % mindre enn den aktuelle normavlinga. Kravet er at meir enn halvparten av arealet blir økologisk dyrka i skadeåret. Areal under omlegging blir ikkje rekna som økologisk.
Utrekning av grovfôravling i skadeåret
Årets avling omfattar oppmålt fôrlager når dyra vert sett inn om hausten, i tillegg til grovfôropptak frå nullbeiting (fôring med friskt gras), fôring av årets hausta avling og beiting på dyrka jord. Oppmålinga skal skje saman med kommunen etter at innhaustinga er avslutta og på det tidspunktet når hovudtyngda av dyra vert sett inn eller vert fôra inne. Det vert rekna svinn av oppmålt fôrlager.
Sjå lenke i menyen.
Regelverk, søknad og meldingside hos Landbruksdirektoratet.