Nyheiter
Motsegner til kommuneplanen for Bergen
Statsforvaltaren i Vestland har fleire motsegner til framlegget om revisjon av kommuneplanens arealdel for Bergen kommune.
Oppdatert strandsonerettleiar
Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune har oppdatert den digitale strandsonerettleiaren for Vestland fylke. Denne vart publisert i slutten av september.
Eksamen i sikker nettlesar
Frå våren 2027 skal elevar i grunnskulen og deltakarar i førebuande opplæring for vaksne gjennomføre sentralt gitt eksamen i norsk og engelsk i sikker nettlesar. Kommunar og skular bør alt no gjere seg kjende med krava og førebu nødvendig teknisk tilrettelegging.
Fordeling av skjønnsmidlar i statsbudsjettet 2027
Skjønnsmidlar til kommunane skal fange opp lokale forhold som det ikkje blir teke omsyn til i inntektssystemet eller gjennom andre ordningar. Statsforvaltaren gjer ei heilskapleg vurdering av økonomien til kommunane når vi fordeler den tildelte ramma til Vestland.
Statsbudsjettet 2027
Regjeringa Støre har idag lagt fram forslag til Statsbudsjettet for 2027. Veksten i frie inntekter for kommunesektoren samla er berekna til 3,2 mrd. kroner. Kommunane sin del av dette utgjer 2,6 mrd. kroner, medan fylkeskommunane får ein vekst på 0,6 mrd. kroner.
Totalberedskap i Vestland
Den skjerpa tryggleikssituasjonen gjer at både styresmakter, kommunar og innbyggjarar må vere betre førebudde på kriser og krig. Totalforsvarsåret 2026 skal styrkje beredskapen og motstandskrafta i heile samfunnet.
Oppseiing av barnehageplass på grunn av manglande foreldrebetaling
Barn har rett til barnehageplass etter reglane i barnehagelova. Manglande foreldrebetaling kan få konsekvensar for den konkrete barnehageplassen, men kan ikkje hindre barnet i å få oppfylt retten til barnehageplass.
Ny statsforvaltar i Vestland
Hege Solbakken er no starta i jobben som statsforvaltar i Vestland. Ho tek over etter Liv Signe Navarsete, som har blitt pensjonist.
Trur du at du er feilaktig innmeld i eit trussamfunn eller livssynssamfunn?
På nettsidene til Brønnøysundregistrene kan du logge deg inn for å se om du er registrert som medlem i et trossamfunn eller et livssynssamfunn.
Markens grøde er filma i utvald kulturlandskap
Knut Hamsuns Markens grøde er Noregs Oscar-håp og opningsfilm på Bergen internasjonale filmfestival. Store delar av filmen er spelt inn på den freda høgdegarden Ormeli i Luster.