Motsegner frå Statsforvaltaren
Statsforvaltaren har oversendt merknader til kommunens framlegg til ny kommuneplan for Bergen. Denne revisjonen av kommuneplanens arealdel er i hovudsak avgrensa til endringar i planføresegnene som set rammene for byplanlegginga dei neste åra.
Statsforvaltaren har motsegner til mellom anna følgjande tema:
- krav til detaljert planlegging
- krav til oppdatering av gjeldande reguleringsplanar
- avklaringar av byggjegrenser til sjø
- krav til barn sine interesser i planlegginga
- føresegner om støy
- generelt om korleis nye statlege planretningsliner er følgt opp
I tillegg har Statsforvaltaren som eit ledd i samordningsrolla si oversendt motsegner frå Statens vegvesen, NVE og Mattilsynet.
Statsforvaltaren legg til grunn at kommunen arbeider vidare med kommuneplanen og deltek gjerne saman med andre statsetatar i vidare dialog med kommunen.
Kontakt oss
Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Synnøve Stalheim
direktør, Statsforvaltaren i Vestland
Kristin Nåmdal
seksjonsleiar, Statsforvaltaren i Vestland