Informasjon til vaksne deltakarar om klage på fastsetting av modulkarakter i forberedande opplæring for vaksne

Nedanfor finner du informasjon om korleis du kan klage på fastsetting av modulkarakter.

Publisert 10.04.2025

Kva kan du klage på? 

  • Du kan klage på korleis modulkarakteren er fastsett. Merk at du ikkje kan klage på undervegvurderinga eller sjølve karakteren
  • Vi råder deg til å ta kontakt med skolen og be om å få ei grunngjeving for modulkarakteren før du bestemmer deg for å klage

Kven kan klage? 

  • Du som er deltakar, eller føresette til deltakarar under 18 år, har rett til å klage  

Frist for å klage  

  • Klagefristen er 10 dagar frå det tidspunktet du er gjort kjent med karakteren, eller burde gjort deg kjent med den  
  • Ein ny frist på 10 dagar gjeld frå det tidspunktet du eventuelt har kravd og fått ei skriftleg grunngjeving for modulkarakteren din

Slik klager du 

  • Skriv kva du meiner er feil i fastsettinga av modulkarakteren og kvifor 
  • Skriv under på klagen og husk å dater klagen
  • Send klagen til rektor ved skolen du går på

Kva skjer når du klagar? 

Skolen vurderer først om dei er einig i klagen din. Dersom skolen bestemmer seg for å sette opp karakteren din, får du ei grunngjeving for det. Du får ny klagemoglegheit på den nye karakteren. 

Dersom skolen ikkje er einig i klagen din, sender dei saka til Statsforvaltaren og du skal få kopi av det som sendast inn.

Statsforvaltaren kan avvise klagen, stadfeste (oppretthalde) karakteren eller oppheve den. Statsforvaltaren vurderer berre om skolen har følgt reglane for fastsetting av standpunktkarakter.

  • Dersom Statsforvaltaren meiner at reglane i § 15-12 ikkje er følgt skal vedtaket opphevast og det skal grunngjevast. Statsforvaltaren skal sende saka tilbake til skolen for ny behandling. Skolen fastsett endeleg karakter. Karakteren kan bli ståande, bli justert opp eller ned.  

Lenker til opplæringsforskrifta for meir informasjon

Opplæringsforskrifta § 16-4 Klage på fastsetjing av modulkarakter | udir.no

Opplæringsforskrifta § 15-12 Modulvurdering i førebuande opplæring for vaksne | udir.no