Rettleiing - klagebehandling ved klage på fastsetting av standpunktkarakter i fag for vaksne deltakarar
Vaksne deltakarar har rett til å klage på standpunktkarakter i fag.
Vaksne deltakarar har rett til å klage på standpunktkarakter i fag, jf. opplæringsforskrifta § 16-3 Klage på standpunktkarakter og eksamenskarakter gjelder for vaksne. Opplæringsforskrifta § 10-4, Klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag og §10-5 Klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag gjelder så langt den passer. Skolen må gi deltakarar informasjon om klageretten. Sjå Statsforvaltaren sin rettleiar til vaksne deltakarar.
Kva må kommunen/fylkeskommunen gjere når dei har motteke klage?
Kommunen/fylkeskommunen må først vurdere om klagen skal takast til behandling. Klagefristen er 10 kalenderdagar. Dersom klagen blir avvist, skal kommunen /fylkeskommunen fatte vedtak om det. Det er klageåtgang på eit avvisingsvedtak, og kommunen/fylkeskommunen må opplyse om dette i sitt avvisingsvedtak.
Kommunen/fylkeskommunen kan etter å ha vurdert klagen og tatt den til følge, velgje å omgjere karakteren til gunst for deltakaren. Dersom kommunen/fylkeskommunen sjølv justerer karakteren opp for deltakaren, skal saka ikkje sendast til Statsforvaltaren. Dette er i tråd med forvaltningslova § 33, moglegheita til å omgjere sitt eiget vedtak. Kommunen/fylkeskommunen må fatte nytt vedtak. Vedtaket skal grunngjevast og deltakaren får ny rett til å klage.
På utdanningsdirektoratets nettside kan de lese meir om kva som er nytt i reglane om klage på sluttvurdering: «Hva er nytt i reglene om klage på sluttvurdering? | udir.no».
Kommunen/fylkeskommunen må oversende saka til Statsforvaltaren dersom karakteren ikkje blir endra til gunst for deltakaren.
Kva må kommunen/fylkeskommunen sende til Statsforvaltaren?
Sjå Standpunktvurdering (Udir) og merknadane til § 16-3 Klage på standpunktkarakter og eksamenskarakter | udir.no og § 10-4 Klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag (Udir) og § 10-5 Klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag | udir.no for ytterlegare rettleiing til punkta under.
- Klagen
- grunngjeving frå faglærar som inneheld:
- Beskriving som viser at standpunktkarakteren er satt ved avslutninga av opplæringa og at kompetansen deltakaren har vist «underveis i opplæringa» er ein del av vurderinga. Karakteren skal ikkje vere eit gjennomsnitt av prøvene avhalde i opplæringstida.
- Beskriving av deltakaren si «samlede kompetanse i faget» som viser at faglærar har løfta blikket frå eitt og eitt kompetansemål og sett dei i samanheng, i lys av teksten Om faget.
- Beskrivinga må vise korleis deltakaren sin kompetanse er vurdert opp mot kompetansemåla i læreplanen i faget. Det er læreplanen som avgjer kva for kompetanse deltakaren skal ha i det aktuelle faget i den aktuelle modulen. Standpunktkarakteren må vere satt på grunnlag av den riktige læreplanen for modulen og ut frå kompetansemåla for den aktuelle modulen.
- Beskrivinga må vise at det ikkje er trekt inn utanforleggande omsyn som innsats, fråvær og oppførsel dersom det ikkje går fram av kompetansemåla. Fråværsgrensa gjeld ikkje for vaksne deltakarar.
- Beskrivinga må vise korleis deltakaren har fått vist sin kompetanse i faget på fleire og varierte måtar.
- Det må kome fram at det det har vore ein dialog mellom deltakaren og den som satt karakteren.
- Beskrivinga må vise korleis deltakaren er gjort kjent med kva som blir vektlagt i fastsettinga av standpunktkarakteren.
- Kommunen/fylkeskommunen sin uttale. Det må bli gjort greie for saksbehandlinga, kommentere det klagar påpeikar i klagen, greie for korleis opplæringstaden har vurdert klagen, bekrefte at faglærar si grunngjeving oppfyller krava til fastsetting av standpunktkarakter i faget og vise til at deltakaren har blitt gjort kjent med kva som blei vektlagt i vurderinga.
Sakspapira sendes Statsforvaltaren via vårt elektroniske skjema.
- Kommunen/fylkeskommunen skal sende kopi av saksdokumenta til klagar.
- Det er svært viktig at kommunen/fylkeskommunen oppgjer rett informasjon og adresse til klagar i oversendinga til Statsforvaltaren.
Korleis behandlar Statsforvaltaren klagen?
Statsforvaltaren skal vurdere om opplæringstaden har følgt reglane i opplæringsforskrifta § 16-3 og §§ 10-4 og 10-5 ved fastsetting av standpunktkarakteren i fag. Statsforvaltaren skal ikkje ta stilling til om standpunktkarakteren er i samsvar med deltakaren sitt faglege nivå. Dersom Statsforvaltaren kjem fram til at reglane ikkje er følgt, opphevast vedtaket og saka blir sendt tilbake til opplæringstaden, som skal sørge for at det blir gjort ei ny vurdering og fastsett ein endeleg karakter. Opplæringstaden skal sende kopi av nytt vedtak til Statsforvaltaren.
Statsforvaltaren kan avvise klagen dersom klagefristen ikkje er overheldt, eller reglane i forvaltningslova ikkje er oppfylt.