Informasjon til vaksne deltakarar om klage på fastsetting av standpunktkarakter

Informasjon til vaksne deltakarar om klage på fastsetting av standpunktkarakter i forberedande opplæring for vaksne (kommunen) og vidaregåande opplæring for vaksne (fylkeskommunen).

Publisert 10.04.2025

Nedanfor finner du informasjon om korleis du kan klage på fastsetting av standpunktkarakter.

Kva kan du klage på?

  • Du kan klage på korleis standpunktkarakteren er fastsett. Klageretten gjeld også dersom du ikkje får talkarakter til standpunkt, altså IV. Merk at du ikkje kan klage på undervegsvurderinga eller sjølve karakteren. 
  • Vi rår deg til å ta kontakt med skolen du går på og be om å få ei grunngjeving for karakteren før du bestemmer deg for å klage. 

Kven kan klage? 

  • Du som er deltakar, eller forsette til deltakarar under 18 år, har rett til å klage.  

Frist for å klage  

  • Klagefristen er 10 dagar frå det tidspunktet du er gjort kjent med karakteren, eller burde gjort deg kjent med den.  
  • Ein ny frist på 10 dagar gjeld frå det tidspunktet du evt. har kravd og fått ei skriftleg grunngjeving for standpunktkarakteren din. 

Slik klagar du 

  • Skriv kva du meiner er feil i fastsettinga av standpunktkarakteren og kvifor
  • Skriv under på klagen og husk å dater klagen
  • Send klagen til rektor ved skolen du går på

Kva skjer når du klagar? 

Skolen vurderer først om dei er einig i klagen din. Dersom skolen bestemmer seg for å sette opp karakteren din, eller bestemmer at du skal få talkarakter i staden for IV, får du ei grunngjeving for det. Du får ny klagemoglegheit på den nye karakteren. 

Dersom skolen ikkje er einig i klagen din, sender dei saka til Statsforvaltaren.  

Statsforvaltaren kan avvise klagen, stadfeste (oppretthalde) karakteren eller oppheve den. Statsforvalteren vurderer berre om skolen har følgt reglane for fastsetjing av standpunktkarakter.   

  • Dersom Statsforvaltaren opphevar karakteren i fag, sendes saka tilbake til skolen for ny vurdering. Skolen fastsett endeleg karakter. Karakteren kan bli ståande, bli justert opp eller ned.  
  • Dersom Statsforvaltaren opphevar vedtak om IV, skjer det same. Saka sendes tilbake til skolen for ny vurdering. Følgande reglar gjeld: 
    • Dersom klageinstansen opphevar vedtak om IV, fordi det ikkje er varsla i tråd med regelverket, skal rektor sette karakter. 
    • Dersom skolen fastsett ein karakter i den nye behandlinga, utløyser dette fornya klageåtgang. Det same gjeld dersom nytt vedtak om IV blir fatta på eit anna grunnlag enn det opphavlege vedtaket. 

Lenker til opplæringsforskrifta for meir informasjon

Opplæringsforskrifta: