Tilskot
Landbruksføretak

Tilskot til klimarådgjeving

Publisert 10. juli kl. 10:54

Tilskot til klimarådgjeving har vore ein del av RMP-tilskota til og med søknadsomgangen i 2025. Frå 2026 vil det vere ei eiga tilskotsordning. 


Søknadsfrist
Løpande
Kven kan søke
Jordbruksføretak
Ansvarleg etat
Statsforvaltaren i Vestland

Kven kan søkje og korleis?

For å motta tilskot til klimarådgjeving, må søkjar:

  • Vere eit jordbruksføretak som fyller vilkåra til å motta produksjonstilskot og avløysartilskot.
  • Ha fått klimarådgjeving til eigen jordbruksproduksjon. Rådgjevinga skal vere gjennomført etter eit rådgjevingsopplegg godkjent av Landbruksdirektoratet.
  • I løpet av rådgjevinga fått laga ein plan for tiltak som skal redusere føretaket sin klimabelastning og betre føretaket sin moglegheit til å tilpasse seg eit endra klima.

Du finn meir informasjon og søknadskjema hos Landbruksdirektoratet.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Åshild Hjørnevik Vatshelle
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland