Føremål med tilskotet
Det er sett av 6,5 millionar kronar til kostnadar for beitenæringa som følge av tiltak mot skrantesjuke i Nordfjella-sona og Hardangervidda-sona i tråd med CWD-soneforskrifta.
Midlane forvaltast av Statsforvalteren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus i samarbeid med Statsforvalteren i Vestfold og Telemark og Statsforvalteren i Vestland.
Kven kan søkje?
Beite- og sankelag som er registrerte i Einingsregisteret og som driv næringsmessig beitedrift innanfor Nordfjella-sona eller Hardangervidda-sona (jf. § 4 Soner i CWD-soneforskrifta), og som i inneverande beitesesong har hatt kostnader som følgje av tiltak mot skrantesjuke (CWD) hos hjortedyr i sona i år.
Det same gjeld for beitebrukarar/enkeltføretak som har rett til produksjons- og avløysartilskot i jordbruket, der naturgitte eller driftsmessige forhold gjer at det ikkje ligg til rette for samarbeid (jf. § 2 Vilkår i forskrift om tilskot til tiltak i beiteområde).
Næringsmessig beitedrift inneber at dyra går minst fem veker på utmarksbeite, og at meir enn halvparten av medlemmene i laget eller foreininga har rett til produksjonstilskot.
Korleis søkje?
Les meir om korleis du søkjer i brev frå Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus: Utlysning av tilskudd til tiltak mot skrantesjuke ( CWD ) i Nordfjella-sonen
og Hardangervidda-sonen - 2026.