Formål med tiltskotet
Tiltaket skal ta vare på elvemusling og gjeld kun føretak med mjølkeproduksjon på storfe som disponerer areal i nedbørsfelt til elvemuslingsvassdrag. Sjå kartavgrensing og tabell under som syner kva vassdrag som inngår i tiltaket.
Gras i vekst har eit langt større næringsopptak frå gjødsla enn gras som er utvakse, og avrenning og tap av næringsstoff frå gjødsla er minst tidleg i sesongen. Spreiing av husdyrgjødsel om vår og forsommar vil såleis både gje agronomisk og miljømessig gevinst i høve til seinare spreiing. Formålet med tiltaket er å redusere spreiing av husdyrgjødsel om hausten på areal som drenerer til vassdrag med elvemusling, då oppgjødsling av desse vassdraga er ein trussel for elvemuslingen og faren for avrenning er størst seint i sesongen.
Frist for spreiing
Tilskotet kan kun gjevast dersom all husdyrgjødsel føretaket skal spreie er spreidd innan 10. august. Då kan det gjevast tilskot for alt godkjent spreieareal som føretaket disponerer og som blir spreidd i inneverande sesong, avgrensa til maks 250 dekar per føretak. Dersom noko av arealet føretaket disponerer er spreidd etter 10. august, fell føretaket utanfor tiltaket, og tilskotet kan då ikkje gjevast.
Vilkår
- All husdyrgjødsel / biorest som føretaket skal spreie må bli spreidd seinast 10. august. For å sikre nok lagerkapasitet gjennom vinteren, bør gjødsellageret då vere tømt.
- Tilskotet gjeld berre areal der det blir spreidd husdyrgjødsel / biorest i inneverande sesong. Det skal minimum spreiast 5 kg total-Nitrogen i husdyrgjødsla per dekar på det arealet ein søker tilskot for.
- For godkjende føretak kan det gjevast tilskot for alt godkjent spreieareal (innmarksbeite som ved vedtak er godkjent som spreieareal og dyrka mark) som føretaket disponerer og som blir spreidd i inneverande sesong, inntil 250 dekar per føretak.
- Arealet skal haustast ved slått eller beiting etter siste gjødsling i søknadsåret.
- Føretaket skal ha gjødslingsplan og skiftenoteringar som syner spreiedato og gjødselmengde spreidd per dekar.
- Tilskotet kan ikkje kombinerast med Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel ved nedlegging (§ 20), Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med nedfelling (§ 21) eller Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange (§ 22).
Vassdrag og føretak som inngår i tiltaket
Her finn du liste over føretak som kan kome inn under tiltaket. NB! Lista er basert på opplysningar registrert i produksjonstilskot 2022, og lista er ikkje nødvendigvis uttømmande. Andre føretak som fyller vilkåra i søknadsåret har òg rett til tilskot.
Vassdrag som inngår i tiltaket:
| Kommune | Vassdrag/del av vassdrag | Status | Type elvemusling |
| Alver | Mjåtveitelva | Kritisk trua | Auremusling |
| Bergen | Haukåselva | Kritisk trua | Auremusling |
| Bergen | Oselva | Livskraftig | Laksemusling |
| Bjørnafjorden | Sundfjordelva | Kritisk trua | Auremusling |
| Bjørnafjorden | Femangerelva | Kritisk trua | Auremusling |
| Bjørnafjorden | Fossåa | Kritisk trua | Auremusling |
| Bjørnafjorden | Hopselva | Kritisk trua | Auremusling |
| Bjørnafjorden | Oselva | Livskraftig | Laksemusling |
| Bjørnafjorden | Døsjaelva | Kritisk trua | Auremusling |
| Bømlo | Åreidelva | Kritisk trua | Auremusling |
| Etne | Sørelva | Kritisk trua | Antatt laksemusling |
| Fitjar | Dåfjorden | Livskraftig | Auremusling |
| Kinn | Nyttingeneselva | Livskraftig | Auremusling |
| Kvam | Røyrvikelva | Kritisk trua | Auremusling |
| Osterøy | Lonevassdraget | Kritisk trua | Laksemusling og auremusling |
| Samnanger | Skjelåna | Kritisk trua | Auremusling |
| Stad | Dalsbøvassdraget | Kritisk trua | Auremusling |
| Stad | Maurstadelva | Kritisk trua | Auremusling |
| Sunnfjord | Redalselva | Kritisk trua | Auremusling |
| Tysnes | Kvernavika | Kritisk trua | Auremusling |
| Øygarden | Apalvågen | Kritisk trua | Auremusling |
Tiltaksklasse, utmålingseining og førebels tilskotssats
Spreiing i veksande kultur: kr 180 per daa
Det kan gjevast tilskot for inntil 250 daa per føretak
(Tiltaket gjeld spreiing der all husdyrgjødsel og biorest eit føretak skal spreie er spreidd innan 10. august på godkjent spreieareal. Tiltaket gjeld enkelte føretak som disponerer areal som drenerer til elvemuslingsvassdrag).
Kartavgrensing
Sjå kart under som viser kva vassdrag som inngår i tiltaket. Du finn fullversjonen av kartet på fylkesatlas, der du blant anna kan skru på kartlag med jordbruksareal og eigedomsgrenser.
Meir informasjon om regionalt miljøprogram
Her kan du lese om korleis du søker og sjå oversikt over dei andre tilskota: Regionalt miljøprogram Vestland.