Tilskot
Landbruksføretak

RMP – Tilskot til slått av verdifulle jordbruksareal

Publisert i går kl. 13:55
|
Oppdatert i går kl. 16:07

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram.


Søknadsfrist
15. oktober
Kven kan søke
Landbruksføretak
Ansvarleg etat
Statsforvaltaren i Vestland

Formål med tilskotet

Det kan gjevast tilskot for slått av fulldyrka og overflatedyrka areal utan vegforbinding for å oppretthalde jordbrukslandskap.

Vilkår

Det skal ikkje vere mogeleg å køyre med bil eller firhjulstraktor til arealet, heller ikkje tilkomst med bilferje. Arealet kan derimot ha tilkomst med tohjulstraktor og ATV, og arealet kan ha tilkomst med kombikatamaran. Sjølv om det ikkje skal kunne køyrast med firhjulstraktor til arealet, kan firhjulstraktor nyttast i drift av arealet (døme: veglause gardar som har tilkomst med kombikatamaran).

Dersom slåttearealet og/eller driftssenteret er veglaust (dvs utan vegforbinding eller tilkomst med bilferje), kan slåttearealet godkjennast. Det vil sei at:

  1. Slåtteareal vert rekna som veglaust og kan godkjennast dersom det ikkje går an å transportera fôr frå slåttearealet til driftssenteret med firhjulstraktor via veg eller bilferje.
  2. Slåtteareal vert rekna som veglaust og kan godkjennast dersom driftssenteret er utan vegforbinding eller tilkomst med bilferje (driftssenter som har tilkomst med kombikatamaran vert rekna som veglause driftssenter). I dette ligg at slåtteareal som ligg på ei øy utan tilkomst med bilferje skal reknast som veglaust areal og kan godkjennast sjølv om fôret kan transporterast frå slåttearealet til driftssenteret med firhjulstraktor inne på øya. For veglause driftssenter på fastlandet vil det same gjelde, slik at areal der kan godkjennast sjølv om fôret kan transporterast frå slåttearealet til driftssenteret med firhjulstraktor.

Arealet skal haustast ved slått til dyrefôr minst ein gong i vekstsesongen, berre beitepussing kan ikkje godkjennast.

Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar

Kr 1250 per daa
Inntil 30 dekar per føretak

Meir informasjon om regionalt miljøprogram

Her kan du lese om korleis du søker og sjå oversikt over dei andre tilskota: Regionalt miljøprogram Vestland.