Tilskot
Landbruksføretak

RMP – Tilskot til beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark

Publisert 19. august kl. 13:55
|
Oppdatert 19. august kl. 16:02

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram.


Søknadsfrist
15. oktober
Kven kan søke
Landbruksføretak
Ansvarleg etat
Statsforvaltaren i Vestland

Formål med tilskotet

Det kan gjevast tilskot for beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark, her avgrensa til utmarksbeite som ligg 600 meter over havet eller høgare.

Sauen er den viktigaste landskapspleiaren i utmarka grunna fôrval, beitemønster, utbreiing, omfang og med liten fare for trakk-skadar. Utmarksbeite er den tradisjonelle driftsforma for sau sommarstid i Vestland, men tal sau i utmark går diverre nedover. Sauen si beiting i utmarka er viktig for å oppretthalde ope landskap og opne stiar, og beitinga er positiv for det biologiske mangfaldet.

Beiting i utmark er og klimavenleg ved at den produserer mat på areal som elles ikkje kunne vore nytta til matproduksjon, i tillegg til at beiting over tregrensa vil auke albedo-effekten (reflektering av sollyset) og såleis bidra til mindre oppvarming. Dei høgareliggande beita er dei mest verdifulle utmarksbeita med omsyn til beitekvalitet, dyrevelferd og klimavenleg beiting (jf albedo-effekten).

Vilkår

  • Tiltaket gjeld sau over eitt år som beiter minst 5 veker på utmarksbeite, der hovudbeiteområdet for sauen ligg minst 600 meter over havet.
  • Føretaket vere medlem i eit beitelag.
  • Dersom kun deler av buskapen har hovudbeiteområdet sitt over 600 moh, kan ein søke tilskot for den delen av buskapen som oppfyller høgdekravet.
  • Namnet for beiteområdet for føretaket bør skrivast i merknadsfeltet i søknaden.

Tilskotsavgrensing

Det kan gjevast tilskot for inntil 100 sauer per føretak.

Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar

Småfe - kr 90 per dyr (sau over eitt år).

(Tilskot for sau på utmarksbeite som ligg 600 moh eller høgare, der føretaket er medlem i eit beitelag)

Meir informasjon om regionalt miljøprogram

Her kan du lese om korleis du søker og sjå oversikt over dei andre tilskota: Regionalt miljøprogram Vestland.