Kven kan søkje?
Jordbrukarar som har blitt 62 år og som har drive med jordbruk i minst 15 år, kan få einbrukarpensjon. Brukar som har fylt 62 år kan saman med ektefelle/sambuar som har fylt 57 år få tobrukarpensjon. Det vert stilt krav til inntekt i ein referanseperiode på fem år. Dette gjeld både næringsinntekt frå jordbruksføretaket og anna inntekt. Det er eit krav om at landbrukseigedommen er overdregen til ny eigar, og ny eigar kan ikkje vere ektefelle/sambuar.
Dette bør du førebu
Til søknaden skal du leggje ved utskrift av skattegrunnlaget for dei fem åra i referanseperioden.
Handsaming av søknad og utbetaling
Det er statsforvaltaren som tek imot og behandlar søknaden. Søknaden kan bli vald ut til kontroll. Dersom søknaden blir innvilga, skjer utbetalinga frå og med den månaden vilkåra i ordninga er oppfylte og søknaden, med all nødvendig dokumentasjon, er komen fram til statsforvaltaren. Tidlegpensjon blir utbetalt kvar månad. Det er Landbruksdirektoratet som utbetaler pengane.