Tilskot
Landbruksføretak

RMP – Tilskot til skjøtsel av automatisk freda kulturminne

Publisert 19. august kl. 13:55
|
Oppdatert 19. august kl. 15:34

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram.


Søknadsfrist
15. oktober
Kven kan søke
Landbruksføretak
Ansvarleg etat
Statsforvaltaren i Vestland

Formål med tilskotet

Det kan gjevast tilskot for skjøtsel av automatisk freda kulturminne, inkludert sikringssone, som grensar til eller ligg på jordbruksareal. Skjøtselen skal vere gjennomført som slått eller beiting slik at kulturminnet vert teke vare på og er synleg i jordbrukslandskapet. Kulturminnet skal vere registrert i kulturminnebasen Askeladden.

Vilkår

Tilskotet gjeld for skjøtsel av areal rundt kulturminne, slik som graver og gravfelt, bergkunst/helleristningar, åkerreiner, røyser og røysfelt, buplassar, tufter, vegfár og bygningar. Det kan ikkje løyvast tilskot til lokalitetar som er avmerkte i Askeladden som dyrkingslag og kulturlag, lokalitetar avmerkte som uavklara funnstader, lausfunn og liknande, der skjøtsel ikkje vil medverke til at kulturminnet vert meir synleg i jordbrukslandskapet. Kulturmiljømynda kan stille vilkår om skjøtselsplan.

Sikringssona er markert som gul ring rundt kulturminnet i kartløysinga i elektronisk søknad, og dersom både kulturminne og sikringssone er skjøtta, skal søkar teikne rundt sikringssona i søknaden. Tilskotet blir fastsett per dekar. Dersom lokaliteten inkludert sikringssone er mindre enn 1 daa, kan det søkast om 1 daa.

Skjøtselstiltaka skal utførast i samsvar med krav i kulturminnelova §§ 3 og 4 og fastsette skjøtselsråd; sjå skjøtselråd og krav etter kulturminnelova § 3 for skjøtsel av automatisk freda kulturminne under.

Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar

Beiting: kr 1000 per daa
Slått: kr 2000 per daa
Inntil kr 10 000 per føretak (slått + beiting)

(Beiting eller slått av lokalitet med automatisk freda kulturminne. Sikringssona kring kulturminnet kan takast med i skjøtsel og i utmåling av dekar)

Meir informasjon om regionalt miljøprogram

Her kan du lese om korleis du søker og sjå oversikt over dei andre tilskota: Regionalt miljøprogram Vestland.