Tilskot
Landbruksføretak

RMP – Tilskot til nedkjemping av ugras i radkulturar

Publisert i går kl. 13:55

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram.


Søknadsfrist
15. oktober
Kven kan søke
Landbruksføretak
Ansvarleg etat
Statsforvaltaren i Vestland

Formål med tilskotet

Det kan gjevast tilskot for mekanisk bekjemping av ugras eller flamming i radkultur som potet og grønsaker. Tiltaket gjeld alle radkulturar med unntak av frukt og bær. Føremålet med tiltaket er å stimulere til metodar for å fjerne ugras utan bruk av plantevernmiddel. Minsteareal for å søke tilskot er 2 dekar.

Vilkår

  • Mekanisk bekjemping inneber radrensing, luking eller hypping. Damping inngår ikkje i tiltaket.
  • Det kan ikkje gjevast tilskot dersom det blir nytta plantevernmiddel mot ugras før hausting, med unntak for nedsviing av potetris.
  • Økologiske areal og areal i karens som mottar produksjonstilskot for økologisk drift har ikkje rett til tilskotet.
  • Tiltaket er ikkje til hinder for sprøyting mot kveke etter innhausting.

Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar

Flamming: 300 kr per daa
Mekanisk nedkjemping av ugras: 300 kr per daa
Det kan gjevast tilskot for minimum 2 daa og maksimalt 100 daa per føretak.

(Mekanisk bekjemping av ugras eller flamming i konvensjonelle radkulturar, frukt og bær unnateke)

Meir informasjon om regionalt miljøprogram

Her kan du lese om korleis du søker og sjå oversikt over dei andre tilskota: Regionalt miljøprogram Vestland.